Sunnhordland byr på eventyrlege opplevingar!
Her kan du reise frå ytst i havgapet med dei tusen øyer og inn i Hardangerfjorden med høge fjell og Folgefonnabreen som kruna på verket. Alt på ein dag! Lett tilgjengelig frå Bergen og Flesland med hurtigbåt (1 -2 t).
I Sunnhordland står kysten og kystkulturen sterkt. Ein finn idylliske handelsstader heilt tilbake til 1600-talet som vert drifta den dag i dag. Gamle gardar og bygningar med historie, som er gjort om til dei mest fantastiske serveringsstader. Som ein del av kystkulturen finn ein og fleire fyr langs kysten av Sunnhordland. Eit av dei er Slåtterøy fyr frå 1859 med Noregs kraftigaste fyrlys.
Sunnhordland har fleire små og store fjordar. Langs Hardangerfjorden ligg romantiske Rosendal, med
Skandinavias minste slott Baroniet Rosendal. Baroniet Rosendal har ein storslått renessansehage og eit imponerande kulturprogram med fleire verdskjende artistar om sommaren.
Den mest spanande historia finn ein kanskje på Mosterhamn, der vikingkongane sette sitt preg på Noreg. Det var her kristninga av Noreg starta, då Olav Trygvasson gjorde strandhogg i 995, etter ferda over Nordsjøen frå England for å bli konge i Noreg. Her grunnla han ei kyrkje. I 1024 fekk Olav Haraldsson «kristenretten» vedteken på Mostratinget. ei heilt spesiell historie, på historisk grunn.
Kontrastane i Sunnhordland er store, frå ytst i havet til inn i fjorden og opp på breen. Her er eit mangfald av aktivitetar, der du kjem tett på naturen.
Regionen er godt tilrettelagt for vandring og sykling. Du bestemmer sjølv om du vil gå på eigahand eller med guide. Vil du ein tur på sjøen eller fjorden kan du vera med på både fjordsightseeing og fiskeguiding. Du kan også leiga kajakk og utforska øyane utanfor Bømlo og Fitjar, eit eldorado for kajakk og båt.
På breen Folgefonna kan du oppleve den magiske blå isen. Med ein breførar får du guida turar både på brevatn og på breen. Ei heilt unik oppleving!
Heile Sunnhordland har godt tilrettelagte uthamner og gjestehamner for småbåtar. Festivalar og arrangement gjer det ekstra attraktivt å feriera med båt i denne regionen. Sunnhordland har og fleire båthamner som er kåra til eller er blant årets båthamn fleire gongar. Bekkjarvik, Husnes og Kuleseidkanalen er på denne lista.
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram