Om
Bli med til Eikemo - gardane på den veglause sida av Åkrafjorden ”der ingen skulle tru at nokon kunne bu”.
Båttur og traktorsafari der du får sjå gardane, oppleva stølslivet og helsa på folket og geitene. På tilbaketuren går båten heilt oppunder ein av verdas vakraste fossar - Langfoss.
Turen startar frå Teigland (Åkrafjordtunet) med båttur til hi sida av fjorden der traktor og passasjerhengar. ventar Turen sniglar seg opp den bratte grusvegen. Landskapet opnar seg, og me besøkjer sjarmerande gardstun på Eikemo der seks personar bur fast heile året. Ny etappe i hengjaren, og me er framme på Eikemostølen, 6 kilometer frå fjorden. Rundt på stølsvollen ligg stølshus frå 1800-talet side om side med nytt fellesfjøs som er i drift heile sommaren. Her er stille og fredeleg, berre lyden av elvebrus og bjølleklang - og inga mobildekning. På stølen kan du bli med bonden og helsa på dei folkekjære geitene. Du kan nyta medbragt niste ute eller inne i lavvoen der me kokar kaffi over bålet.
Det vert servert bålkaffi og heimelaga lefse i løpet av turen. Etter ein fredeleg pause er det tid for å stiga i tilhengaren igjen, eller kanskje du ønskjer gå til fots ned igjen til kaien.
Avgong frå Teigland.
Hugs: Joggesko/fjellsko/støvlar, klær til å vera ute i og niste. Turen kan arrangerast for grupper til eigen pris på ønska dag i utvida sesong
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram