Om
Lengd: ca 9 km
Tid: ca 4t
Frå riksveg 541 ved Vika følgjer ein skilt merka Berge. Det går bilveg fram til Bergeshuset på Berge.
Bergeshuset er ei lemstove frå 1850åra. Huset er i BømloTur- og Sogelag si eige.
Frå Bergeshuset går merka sti opp på Bergesfjellet - Skilt merka "Bergesfjellet" syner lettaste vegen.
Det er flott utsyn frå dette 126 meter høge fjellplatået, som er synleg eit stykke til havs. Det er flatt oppå og har stupbratte fjellsider, som ein diger stabbe. Bergesfjellet har vore brukt som landesmerke for sjøfarande.
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram