Om
Halsnøy Kloster ligg på øya Halsnøy i den sørlege delen av Kvinnherad. Klosteret stod ferdig i 1164, bygd av vikinghøvding Erling Skakke. Son hans, Magnus Erlingson, var på denne tida konge i Noreg. I sein middelalder vart dette klosteret rekna som eit av dei mektigaste klostra i denne delen av landet.
I dag er ruinane frå dette klosteret museum. Samlinga består av ruinar frå sjølve klosteret, eit hovudhus, eit båthus og steinar frå klosterkyrkja. Klosteret er og arena for kulturelle tilskipingar.
I påsken er det ope påskehus med ulike aktivietar.
Om sumaren er det open kafé i hovedhuset med kaffi, vaflar og kake. I tillegg finn du eit kjellargalleri med både lokale og internasjonale utstillingar.
For meir informasjon og opningstider, sjå nettsida til Halsnøy Kloster.
Prisar:
Omvising og utstillingar
Omvising vaksne inkl utstilling: kr 70,- pr person
Omvising Barn (under 16 år): kr 50,-
Barn under 3 år: gratis
Familie (2+3): kr. 200,-
Grupper på over 15 personar: kr. 50,- pr person
Inngong til utstilling (aktuell/sesong): kr 50,-
Ved omvising får du gratis inngong på utstillingar.
For andre opplegg, leige etc, ta kontakt.
Ring for avtale i vinterhalvåret! (1. oktober - 1. april). Meir info på nettsida til Halsnøy Kloster!
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram