Om
Bømlo Teater er ein frivillig organisasjon med om lag 200 medlemmar. Bømlo Teater er eit tyngdepunkt i kulturlivet på Bømlo og innan teaterfeltet i Sunnhordland.
Musikalproduksjonar som Jesus Christ Superstar, Les Miserablés, Chess, Miss Saigon, West Side Story og Evita i Moster Amfi har saman med Mostraspelet Kristkongane på Moster og I slik ei natt, vore flaggskipa til Bømlo Teater i ei årrekkje. I august 2021 vert det noregspremiere på Kristina frå Duvemåla. Bømlo Teater har årleg fleire produksjonar i Bømlo kulturhus.
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram