Bekkjarvik ligg på øyperla Austevoll sør for Bergen, og er ein gamal fiskartettstad omkransa av gamle bygg og kaianlegg. I Bekkjarvik ligg og ærverdige
Bekkjarvik Gjestgiveri som vart bygd på 1600-talet. Her har dei tatt imot gjester i over tre hundre år! Det var den danske kongen Kong Christian Quart som på 1600-talet vedtok at det skulle byggjast gjestehus for kvar halve eller heile dagsreise i skipsleia.
Vertskapet Asta og Øystein Johannessen driv staden i lag med sønene sine Arnt og Ørjan Johannessen. Dei kan stolt ynskje velkommen til bords med nokre av verdas og landets beste kokkar. Ørjan Johannessen tok nemlig gull i Bocuse d´Or Lyon 2015. Tvillingbroren Arnt blei same år kåra til året kjøkkensjef av Norges kokkmesteres Landsforening.
I Bekkjarvik finn du og ei
lun og fin gjestehamn og som blei kåra til årets gjestehamn i 2015. Om sommaren kryr det av både småbåtar og seglbåtar, men små cruisebåtar og yachtar kjem også inn til Bekkjarvik.
Her får ein smak av ekte vestlandsk kystkultur og kysthistorie, men kan og få kjenne på ro og fred og nyte nokre rolige dagar i den vakre kystnaturen.
Med hurtigbåttur frå Bergen er du her på ein kort time.
Du kan leiga Elbil med plass til 2 personar hos Bekkjarvik Gjestgiveri. På den måten får du gode muligheiter til å utforske Bekkjarvik og Austevoll!
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram