Om
Sjøfiske på Bømlo.
Rundt Bømlo finn du nokre av dei beste fiskeplassane på Sør-Vestlandet. Om du er fersk i faget eller meir erfaren står me til teneste for deg med båtar, fiskekart, tips om fiskeplassar, fisketeknikkar og fiskeutstyr samt status over kor fiske har vore best dei siste vekene.
Våre gjestar fangar mange ulike fiskeartar. Rekorden har ei gruppe med jenter og gutar frå Spreewald sør for Berlin med heile 21 ulike fiskesortar.
På heimesida vår (klikk lenkja: www.fjordtun.no) finn du meir informasjon om fiske med tekstar, foto og videoar. Her finn du og detaljert informasjon om våre rorbuer og båtar.
På Bømlo kan du nytta alle moglege metodar for sjøfiske med handsnøre som for eksempel:
•Fiske med sluk og ulike sortar gummimakkar etter sei, lyr, torsk, kviting, uer osv.
•Fiske med agn av makrell, pale eller sild etter lange, brosme, hyse, torsk, stor sei og om du er heldig, kveite.
•Djupvassfiske til over 300 meter på austsida av Bømlo etter stor lange, brosme, hai og kveite.
•Fiske på dei mange kjente grunnane og kantane på det opne havet vest av Bømlo. Men husk at sjølv om me har gode og sikre båtar, kan vind i periodar avgrensa fiske på havet.
•Speedfiske etter lyr.
•«Hekle» med mange minikrokar etter makrell og sild.
•Dorge etter sjøaure, laks og lyr.
Me tilbyr 11 gode og sjødyktige båtar. Alle er tilpassa fiske med høge sikre kantar, fiskestanghaldarar samt kombinert ekkolodd, GPS og kartplottar. Symjevest og anker er inkludert.
Er du interessert? Ta gjerne direkte kontakt med Eivind dersom du lurer på noko eller ynskjer eit uforpliktande tilbod.
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram