Ytst i regionen er det havet og kystlina som pregar landskapet. Tenk deg å oppleva havet slå inn mot fjøresteinane på Bømlo eller i Austevoll.
Eller kan hende det freistar meir å sjå sola gå ned i havet frå Ryvarden fyr.
Uansett vêr vil ein tur i desse karrige, men livskraftige delane av regionen vera eit minne for livet.

Kjem ein lengre inn i regionen er det eit fascinerande øy- og fjordrike som opnar seg. Det finst tusenvis av små og store øyar her i området – alle prega av det vennlege og gjestmilde sinnelaget sunnhordlendingane har.
På Sunnhordlandskysten finn du tusenvis av små og store øyer og skjer.
Nokre av dei kan du besøkje med offentleg transport og/eller eigen bil:
Espevær
Huglo
Halsnøy
Borgundøy
Fjellbergøy
Øyhopping på Austevoll
Tusenvis av øyer i Bømlo kommune
Snilstveitøy
Stord
Varaldsøy
Fitjarøyane
Reksteren
Ånuglo og Seløy
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram