Legg båtferien til kyst- og fjordperlene i Sunnhordland
Visste du at fleire av Noregs beste båthamner ligg i Sunnhordland?
Sunnhordland har lange tradisjonar innan båtturisme. Difor er spennvidda av hamner stor; her finn du alt frå hamner med topp tenestetilbod til dei flottaste frihamner naturen kan by på.
I ytste del av Sunnhordland finn du eit unikt kystlandskap. Her kan ein ferdast mellom øyar og holmar med det opne havet som næraste nabo.
I indre del av Sunnhordland opplever ein store kontrastar til kysten. Her er bratte fjell, fjordar, bre og majestetiske fossefall.
Gjestehamner og friluftsområde
I brosjyren til Friluftsrådet vest;
Vestkystparken finn du blant anna ein oversikt over uthamner i Sunnhordland regionen, men og ein oversikt over vestlandets friluftspark med over 300 friluftsperler.
Rosendal, foto: Bjarne Øymyr
Om ein kjem med eller utan båt har ein høve til å oppleve kyst og fjordparadiset i Sunnhordland. Det er mogleg å leiga båt, eller vera med på sightseeingtur, anten ein ynskjer rolege båtturar i gamle veteranbåtar eller fart og spenning i ein RIB-båt.
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram