Sunnhordland ligg mellom Bergen og Haugesund på vestkysten, E39 går rett gjennom regionen.
Du kan reise til Sunnhordland på fleire måtar. Frå utlandet kan du kome med ferje (Fjord Line) til Bergen eller Stavanger. Du kan også kome til regionen via fly, anten til flyplassar utanfor regionen, men du kan også fly direkte inn til flyplassen på Stord i Sunnhordland.
Kjem du med fly til Oslo Lufthavn, er dette ca 530 km til Sunnhordland, eller ca 7 - 8 t med bil.

Fly
Stord lufthamn
I Sunnhordland ligg den regionale flyplassen på øya Stord. Det flyr både rutefly og charterfly til og frå Stord lufthamn. Den daglege hovudruta i dag er
Stord - Oslo, flydd av DAT - denne har avgangar kvar dag utanom laurdag.
Lufthamna ligg svært gunstig plassert på vestsida av øya Stord. Frå Leirvik sentrum tek det ca. 18 minuttar med bil ut til lufthamna. Stord lufthamn er Sunnhordlandsregionen si lokale lufthamn.
© Stordflyet - Stord Lufthamn
Transportør er flyselskapet DAT. Dette er eit dansk flyselskap som både har faste ruteflygingar samt charter- og transportoppgåver.
Lufthamna har 12 rundturar pr. veke til og frå Gardermoen med DAT. Ruta går alle dagar unnateke laurdagar.
Flyturen mellom Stord og Oslo tek i underkant av 1 time.
Billettpris frå 399,- pr. veg ("først til mølla"-prinsipp).
Stord Lufthamn tilbyr rask og effektiv innsjekk og gratis parkering for bilar. Kjem du med elektrisk bil så kan du lada opp bilen gratis medan du er borte!
Tinging av billettar direkte på
www.stordflyet.no,
Stord lufthamn (tlf. 53 40 37 00) eller ditt lokale reisebyrå.
Bergen lufthamn
Bergen lufthamn ligg på Flesland, ca 82 km frå Stord. Det går hurtigbåtar og bussar mellom Leirvik, Stord og Bergen lufthamn. Frå Bergen lufthamn kan du nå internasjonale og innanlands destinasjonar - kva for nokre finn du på
Bergen lufthamn si nettside.
Haugesund lufthamn
Haugesund lufthamn ligg på Karmøy, ca 75 km frå Stord. Lufthamna har både internasjonale og nasjonl rute, kva for nokre finn du på
Haugesund lufthamn si nettside.
Stavanger lufthamn
Tog
NSB
Du kan reise med tog Oslo til Bergen. Den naturskjønne ruta tar mellom 6,5 – 7,5 timar.
Båt
Fjord Line
Du kan reise frå Hirtshals med Fjord Line som har skip som går ofte til Stavanger og Bergen. Sunnhordland ligg mellom Bergen og Stavanger. Bilturen inkl ferje tek ca 2 timar mellom Bergen og Stord og ca 2,5 timar mellom Stavanger og Stord.
Color Line
Du kan reise frå Kiel med cruiseskipet til Color Line som har daglege avgangar. Frå Oslo til Sunnhordland er det ei bilreise på ca 530 km, du kjører då E134 over Haukeli fjell.
Buss
Haukeliekspressen
Haugesund-Oslo
Kystbussen
Bergen – Sunnhordland, Stavanger – Sunnhordland
Det er lett å reise rundt i Sunnhordland. Reis med bil, sykkel eller bruk offentleg transport.
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram