Ved å arbeide for å verta eit berekraftig reisemål har Visit Sunnhordland eit fokus på at turisten skal få ei autentisk oppleving, samstundes som lokalsamfunn, kulturarv, natur og miljø vert ivareteke. Me vil leggje til rette for at du som turist skal kunne etterlate eit så lite miljøavtrykk som mogleg.
Berekraftig reisemål er ei merkeordning i regi av Innovasjon Norge.
I Januar 2019 starta Visit Sunnhordland arbeidet mot å verta sertifisert som Berekraftig reisemål og fase 1 vart godkjent i juni 2019. Dette med støtte frå Hordaland fylkeskommune. Sunnhordland har no fått støtte til fase 2 frå Innovasjon Norge.
I arbeidet med berekraftig reiseliv vil ein arbeida for at turismen skal ivareta miljø og lokal kultur, med mål om å sikra en positiv innverknad og utvikling for lokal befolkning, reiselivsbedrifter og turistar.
Merket er eit verktøy for å hjelpe alle i reiselivsnæringa til å samarbeide om å styre reiselivsutviklinga i rett retning. Dette er med på å ta vare på naturressursane våre og sikra gode, trygge arbeidsplassar. Les meir om berekraftig reiseliv her.
Miljøfyrtårn
I mai 2019 vart Visit Sunnhordland sertifisert som Miljøfyrtårn. Me kan med dette dokumentera at strenge krav innan tema som arbeidsmiljø, innkjøp, energi, avfall, utslepp og estetikk er tilfredsstilt.

Sunnhordlandvettreglane
.PNG)
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram