Om
Anno 1600 - 48 rom
Bekkjarvik Gjestgiveri ligg heilt nede ved hamna i idylliske Bekkjarvik. Omkransa av historie i form av gamle bygg og kaianlegg som før i tida var hjarta i den gamle fiskartettstaden Bekkjarvik – berre ein kort hurtigbåttur frå Bergen. Gjestgiveriet vart etablert då den danske kongen, Kong Christian Quart, på 1600-tallet vedtok at det skulle byggast gjestehus for kvar halve eller hele dagsreise i skipsleia.
I dag er Bekkjarvik Gjestgiveri ei lun hamn både for nordmenn og for utanlandske gjestar. Mange kjem hit for å få ro og fred og nyte nokre rolige dagar i vår vakre natur, og naturligvis også for å ete og drikke godt.
Det er ikkje utan stolthet me kan ønske velkommen til bords, då våre to seniorkokkar er tvillingbrørne Ørjan og Arnt Johannessen. Ørjan har markert seg med gull i Bocuse d’Or Lyon i 2015, medan Arnt vart kåra til Årets Kjøkkensjef av Norges Kokkmesteres Landsforening i 2014.
Aktivitetar som tilbys:
Bocuse d’Or middag laga og servert av Ørjan Johannessen
Historiefortelling med lokal historieforteljar
Fjordfiske med lokale fiskarar
Segltur med FjordFun
Tur i Nordsjøløypa eller Bekkjarvik Park
Galleriomvisning
Konsertar
Kokkekurs
Vinsmaking
Utleige av elbil og sykkel.
Andre opplysningar:
Lokalisert ytst i havgapet i Austevoll kommune. Totalt seks selskapslokale samt kurs- og konferansefasilitetar i historiske bygg, der det største tek 160 stk. Restauranten, leia av tvillingsønene til vertskapet, er omtalt i både ”The MICHELIN Guide” og ”White Guide - Nordic”.
Kontakt Bekkjarvik Gjestgiveri:
Administrasjon: post@bekkjarvikgjestgiveri.no
Overnatting: salg@bekkjarvikgjestgiveri.no
Restaurant: restaurant@bekkjarvikgjestgiveri.no
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram