Om
Mandelhuset ligg i Våge på Tysnes og ventar på deg blant sjø og fjæra i flotte maritime omgjevnader.
Mandelhuset er ein restaurant med eit godt norsk kjøken, har ein god handverksbar, samt fleire fine selskapslokale.
Kjøkenet vårt lagar dei lekraste rettar. Me meinar at maten me serverer skal vera god, mettande og av ekte råvarer.
På menyen finn du A la carte, i tillegg til ein ny tre-rettars kvar månad.
Baren vår har fått seg ei oppgradering, me sikter oss inn på å ha ein koselig handverksbar basert på kunnskap og draumar om gode smakar.
Lokale:
Sjøhuset: Perfekt til 15 gjester, men plass til opp til 28.
Krambua: 40 gjester.
Kystsalongen: 72 gjester.
Nye kystsalongen saman med krambua : 110 gjester.
Soldekket (ute): 150 gjester
Johnsakaien (ute): 70 gjester
Det er også ulike arrangement som finn stad på Mandelhuset - sjå nettsida deira for meir informasjon!
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram