Om
Café, Brasserie og Bar 59° er inspirerte av åra Leiv Martin og Aud - gründerane av Stord Hotell - hadde i utanriksfart på ruter rundt Sør-Amerika og over Atlanteren på 60-talet. Stil- og interiørelement er henta frå både skip og kontinentale restaurantar, kafear og barar, og menyane våre er influerte av klassiske brasserie- og kaferettar og Leiv Martin sine år som skipskokk og stuert - med ein lokal og moderne vri.
Stord Hotell har lang erfaring med alle typar selskap som bryllup, konfirmasjon, dåp og jubileum. God mat laga av sesongens beste råvarer og underhaldning er viktig for eit vellukka opphald. Våre dyktige kokkar legg stoltheten sin i å gje deg spennande og fantastiske smaksopplevingar – både til kvardag og fest.
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram