Om
Bekkjarvik Gjestgiveri er kjent for sitt gode kjøkken som er basert på ferske og lokale råvarer. Me er stolte av våre to kokkar og tvillingbrødre, Ørjan og Arnt Johannessen, som har hausta heider og ære for sine prestasjonar i kokkeyrket. Ørjan med sitt gull i Bocuse d´Or Lyon 2015 og Arnt med den høgste annerkjenning i Norges Kokkmesteres Landsforening: “Årets Kjøkkensjef” i 2014.
Saman med vårt team på kjøkkenet set Arnt og Ørjan menyane kvar dag med eit mål: at du som gjest skal få ein matoppleving du ikkje gløymer.
Naturen rundt Bekkjarvik er gåvmild, her haustar me ulike fiskeslag, skjell og skalldyr. På våre vakre lyngheier og i skogen beiter villsau og hjort, og våre kokkar går gjerne ut i skogen ein tidlig morgon for å sanka vill ramslauk og urter.
”Smak av Kysten” har satt sitt kvalitetsstempel på vårt kjøkken. Kriteriet for å vere medlem er høg kvalitet på både råvarer og mat. Restauranten er også omtala i både ”The MICHELIN Guide” og ”White Guide - Nordic”.
Ved sia av restaurantdrifta leverer me òg catering med koldtbord, varmrettar, skalldyrbord, middagar, tapas, snittar, kaker med meir.
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram