Konsertar, events, festivalar, show, utstillingar, quizkveldar. Det skjer alltid noko i Sunnhordland - året rundt.
Sommaren i øy- og fjordriket Sunnhordland er fullpakka med festivalar og andre arrangement. Du kan oppleve konsertar på fjelltoppar, rockefestival i ein fjord- og fjellandsby eller sjå og høyre nokon av dei beste bluesmusikarane i verda.
Eller vil du heller møte den mest populære karakteren til Astrid Lindgren, Pippi Langstrømpe?
Sunnhordland - festivaldestinasjonen
Med over 20 festivalar i året er Sunnhordland ein av dei store festivaldestinasjonane i Norge. Her ser og høyrer du lokale talent og internasjonale artistar. Zara Larsson, Status Quo, Toto, Alphaville og Timbuktu har alle hatt konsert i Sunnhordland.
Her finn du festivalar for ulike musikkgenrar. Bygda Skånevik blir ofte kalla bluesbygda. Dette fordi av ein svært populær bluesfestival som årleg finn stad her om sommaren.
“Folk i Sunnhordland har ønskje, vilje og evne til å skape noko nytt. Me veit korleis ein skal arrangere festivalar og events, og me høyrer stadig korleis turistar og tilreisande elsker det rike kulturprogrammet i sommarparadiset Sunnhordland,” seier Øystein Vaage i festivalen Tysnesfest.
Mange festivalar i Sunnhordland har eit utvidet fokus på familiar og barn. Nokre av dei, som Pippifestivalen og Falturiltu bokfestival er reine barnefestivalar. Tysnesfest, som er den størte festivalen i regionen, lanserte i år ei ny satsing spesielt for barnefamiliar.
Kulturprogrammet i Baroniet Rosendal
I midten av mars kvart år lanserer det minste slottet i Skandinavia kulturprogrammet for sommaren. Frå mai til september kan du gå på konsertar, teaterframsyningar eller føredrag i slottet.
Internasjonale stjerner som Leif Ove Andsnes, Solveig Kringlebotn og Maria Mena har alle hatt konsertar i Baroniet Rosendal. Mange av artistane kjem tilbake år etter år. Konsertane i Baroniert Rosendal er spesielle - både for artistar og publikum. Dei historiske omgjevnadane gjev arrangementa ei heilt spesiell atmosfære.
Dersom du går på konsert eller eit anna arrangement på Baroniet Rosendal anbefalar me at du gjerne kombinerer dette med middag eller overnatting i originale bygninga frå 1850-talet i "Fruehuset".
Året rundt
Det skjer noko i Sunnhordland heile året. Mange av kommunane har kulturhus der det både er konsertar, teaterframsyningar, utstillingar og andre arrangement. Sjekk ut kulturkalenderen for å finne ditt favorittarrangement!
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram