I Sunnhordland kan du delta på over 20 årlege festivalar, og Sunnhordland er verkeleg ein av dei store festivaldestinasjonane i Norge.
Her kan du oppleve alt frå internasjonale stjerner og nasjonale kjendisar til lokale talent. Mange festivalar i Sunnhordland har eit utvida fokus på familiar og barn. Dei store festivalane som bla. Tysnesfest, Etnemarknaden, Festidalen, Sæbøvikfestivalen og Fitjarfestivalen har mange aktivitetar og arrangement for barnefamiliar.
I Sunnhordland finn også den største handballfestivalen på Vestlandet samt den største nynorskfestivalen i landet, Handballfestivalen og Falturiltu, stad.
Regionen er stor på revyar. Den mest kjende er kanskje Fitjarrevyen, der mange tusen ler og kosar seg i revyteltet utanfor Fitjar Fjordhotel.
Sjå under og finn festivalen som passar for deg!
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram