Miljøfyrtårn
I mai 2019 vart Visit Sunnhordland sertifisert som Miljøfyrtårn. Me kan med dette dokumentera at strenge krav innan tema som arbeidsmiljø, innkjøp, energi, avfall, utslepp og estetikk er tilfredsstilt.

Merket Berekraftig Reisemål
Visit Sunnhordland er i gang med arbeidet for å få Innovasjon Norge si godkjenning merket for Berekraftig reisemål. Fase 1 vart godkjent i juni 2019.
I arbeidet med berekraftig reiseliv vil ein arbeida for at reiselivet skal ivareta miljø og lokal kultur, med mål om å sikra en positiv innverknad og utvikling for lokal befolkning, reiselivsbedrifter og turistar.
Merket er eit verktøy for å hjelpe alle i reiselivsnæringa til å samarbeide om å styre reiselivsutviklinga i rett retning. Dette er med på å ta vare på naturressursane våre og sikra gode, trygge arbeidsplassar.
Les meir om merket her.
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram