Velkommen til reiseruteplanleggaren. Dette verktøyet kan du bruke til å lage di eiga reise.
For å lage ei eiga reiserute, klikk leggje til eit produkt i reiseruta.
© Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Medlemsskap for reiselivsbedrifter i VisitSunnhordland
Som medlem i VisitSunnhordland får du marknadsført bedrifta di i relevante trykte og digitale kanalar. Du får og ta del i viktige møteplassar for reiselivsbransjen, der det er fokus på kompetanseheving og nettverksbygging. Du vert ein del av reiselivsklynga som pr no har ein medlemsmasse på 76 bedrifter, samt dei 8 kommunane i Sunnhordland.
Som medlem er du med å utvikle merkevara Kystperleriket Sunnhordland.
Dette får du gjennom medlemsskapet
- Linjeannonse i Sunnhordlandkartet (Nytt utbrettskart format i 2017), sjå døme her: http://www.visitsunnhordland.no/dbimgs/Kystperleriket%20Sunnhordland(1).pdf
- Produktpresentasjon på websida www.visitsunnhordland.no (Nye mobilvennlege websider lansert i 2016)
- Produktpresentasjon i Sunnhordland Produktmanual (vert given ut til turoperatørar)
- Presentasjon av bedrifa di på NTW (Norges største reiselivsbransjetreff) samt andre kundemøte
- Deltaking på årsmøte for VisitSunnhordland
- Deltaking på nettverkssamlingar og andre møteplassar for bransjen
- Deltaking på kompetansehevingskurs
- Rådgjeving rundt etablering eller vidareutvikling av bedrift
- Moglegheit til å delta i produktutviklingsprosjekt
- Deltaking i NCE Tourism nettverket (Reiselivsklynge/forsking/verktøy/nettverk/prosjekt)
- Moglegheit for deltaking på samlingar som Fjord Norge og Innovasjon Norge arrangerer.
Medlemsskapet gir også gode medlemsprisar på utvida annonsering i relevante kanalar.
Det betyr at du kan kjøpe ekstra annonsering, med gode medlemsrabattar:
- Annonse på nettsidene www.visitsunnhordland.no
- Annonse i det nye den offisielle trykte brosjyren til Sunnhordland, sjå her: http://www.visitsunnhordland.no/dbimgs/Kystperleriket%20Sunnhordland(1).pdf
- Annonse på dei nye nettsidene til www.fjordnorway.com og www.visitnorway.no
- Skjermannonse på VisitSunnhordland sitt monter i Bergen Turistinformasjon med 600 000 besøkande turistar.
- Annonse i produktmanual Fjord Norge (Retta mot utanlandske turoperatørar).
- Deltaking på Norwegian travel workshop (NTW) og andre workshop/messer via F.N og I.N
VisitSunnhordland – jobbar for å auka attraktiviteten til regionen som reisemål
Gjennom det årlege marknadsarbeidet til VisitSunnhordland, vert det arbeidd med å gjera Sunnhordland som reisemål meir synleg mot norske og utanlandske turistar. Me har ein styringsgruppe beståande av 5 næringsrepresentantar og 3 kommune representantar. Dei tek del i arbeidet med satsinga. Det arbeidast etter strategiske mål med reiselivsplanar.
Med ny reiselivsstrategi 2016 – 2020 og merkevarestrategi for Sunnhordland 2017 – 2020 vil me auke attraktiviteten til Sunnhordland som reisemål og få fleire besøkande.
VisitSunnhordland sine satsingsmarknader
Mål
Nå betalingsdyktige marknader – med høg kvalitet på leveranse av produkta /tenestene
• Fritidsbaserte hytte og båtgjester frå Bergensregionen/Stavanger/Haugesund/Hardanger
• Sommarturistar frå andre deler av landet og utanlandske turistar via turoperatørar
• Møte og incentive merknaden i felles satsing med Bergensregionen (Bergen, Sunnhordland, Voss, Hardanger)
VisitSunnhordland sine satsingsområde
Basert på Sunnhordland sine styrker jobbar me med 6 satsingsområde for utvikling av reiseliv i regionen:
• Sykkel
• vandring
• båtturisme
• padling
• fisketurisme
• kultur (kystkultur mat og festivalar)
Satsingane er i tråd med destinasjonane satsingane til Innovasjon Norge/ Visitnorway. Målet er å skape utvikling av gode reiselivsprodukt knytt til desse 6 satsingane.
Utvikling av gjestedøgn 2010 – 2017 i Sunnhordland
Det har vore ein positiv og stabil vekst for sommarsesong i perioden 2010 – 2017 på heile 66 %, (17 000 gj.døgn) på hotell. Største auken er frå Ferie/fritidstrafikken. Gjestedøgn på camping og hytte sommarsesong står for halvparten av dei totale gjestedøgna i Sunnhordland, og har flest utanlandske gjester. Sunnhordland er så og seie den største kysthytteregionen for privateigde fritidshytter i Hordaland.
For meir info om medlemskap og pris, ta kontakt med Visit Sunnhordland: info@visitsunnhordland.no
Dei lokale turistkontora gir deg god og nyttig informasjon.
Copyright © 2021 Visit Sunnhordland
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram