Eventyrlege utendørs opplevingar får du i Sunnhordland!
Langs vegen finn du eit stort utval av ulike aktivitetar på land og i vatn. Du kan velja å vera med på guida turar eller utforska naturen på eiga hand. Heile kysten og fjorden frå Bergen til Haugesund er eit eldorado for dei som likar å oppleve sjø, fjord fjell og bre på nært hald gjennom ulike aktivitetar.
Magisk kyst og fjordlandskap
Det finst gode høve i både kyst- og fjordlandskapet for å padla, fiska, dykka, segla, drive med fjellklatring, golf eller å nyte ein fjordsightseeing. Du kan vera med på arrangerte og
guida turar eller du kan leiga utstyr og oppleva naturen på eiga hand. Innover i fjordane i Kvinnherad og Etne kan ein ta seg opp på dei høgaste fjelltoppane i Sunnhordland som er opptil 1426 m.o.h, eller vandra langs dei mange flotte Nordsjøløypane og turstiane langs kysten.
På den sørlegaste isbreen i Noreg, Folgefonna kan du få
guida breturar av profesjonelle breførarar. Du kan få alt frå korte turar til fleirdagsturar over breen. Andre aktivitetar som kan nemnast er fjellklatring, kajakkpadling, riding,
golf og
fisking. Aktivitetane er mange å velja mellom, finn den aktiviteten som passar deg og få eventyrlege og minnerike opplevingar i Sunnhordland.
Vandre- og sykkelmoglegheitene er mange, og godt tilrettelagte i Sunnhordland.
Du kan leiga deg sykkel og ta lette/middels turar eller kjøpa ein ferdigpakka sykkeltur over fleire dagar med bl.a.overnatting/servering/bagasjetransport inkludert. Du finn nydelege utsiktspunkt over fjordar, fjell og det fantastiske øyriket mange plassar i Sunnhordland.
I kystperleriket Sunnhordland ligg det tilrette for friske opplevingar i kystnaturen. Både sommar og vinter.

I Midtfjellet Vindpark på Fitjar er det for eksempel kilometervis med vegar - her kan du enten gå, jogge, sykle eller trille. Foto: Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram