Dette er ein fantastisk rundtur der du får sjå idylliske skjergardar og dei mange tusen øyane langs kysten. Køyr langs den kjende Hardangerfjorden og sjå dei majestetiske fjella og fossefalla langs vegen. Har ikkje dette tatt pusten frå deg, vil kanskje Folgefonna, Noreg sin tredje største isbre på nært hald gjera det!
3 – 7 dagar • Ca. 600 km • 3 ferjer
Turen går fyrst til Etne og Åkrafjorden, med bratte fjell og den majestetiske Langfoss. Frå Åkrafjorden går turen forbi dei namngjetne tvillingfossane Låtefoss. Vidare går turen frå fjell og fjord ut mot hav. Opplev det fascinerande kyst- og øylandskapet i Sveio, Stord, Bømlo og Fitjar. På Bømlo er det to luftige hengjebruer som gjev eit flott utsyn over fjord og fjell.
Bømlo er ei viktig øy i norsk historie. Langs kysten kan du oppleva mykje kysthistorie og kanskje overnatta i ei rorbu. Nyt herleg sjømat medan du høyrer på bølgeskvulp og måseskrik. Opplev ro i vakker natur når du køyrer over gudeøya Tysnes, som ligg der Hardangerfjorden møter øyriket. Vidare reiser du til tettstaden Rosendal som ligg ved Hardangerfjorden – kalt ”Dronninga av dei norske fjordane”. Rosendal er omkransa av høge, vakre fjell. Turen går vidare til Folgefonna, Noreg sin tredje største isbre. Eit flott fossefall er Furebergfossen som ligg ved Maurangerfjorden og er eit imponerande syn. Reis tilbake til Hardanger og opplev meir vill og vakker natur.
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram