Skandinavia sitt minste slott, er det einaste av sitt slag i landet og ein av dei største attraksjonane på Vestlandet. Slottet er mellom anna kjent for den storslåtte renessansehagen med eit vell av roser og den romantiske landskapsparken med det omkringliggjande kulturlandskapet.
Du kan få omvising i det historiske slottet og i renessanshagen i sesongen. Slottet er ope 10. mai - 2. september.
Eit rikt kulturprogram
Kvart år i mars kjem det ut eit rikt kulturprogram for Baroniet med konsertar, kammermusikkfestival, borggårdsteater og kunstutstillingar. Hyggjeleg Hagekafe midt i Kjøkken- og Urtehagen. Rom med frukost og middagstilbod på Rosendal Avlsgård & Fruehus.
Fjordcruise fra Bergen til Baroniet Rosendal
Opplev den flotte sightseeingturen frå Bergen / Os til Rosendal med fjord, fjell og fossefall! Endestasjonen er den romantiske bygda Rosendal, hvor det er en liten spasertur opp til Baroniet Rosendal. Pakken inkluderer båtbillett, omvising og lunsj i hagekafeen. Billettar kjøper du i turistinformasjonen i Bergen eller på nettsida til Baroniet Rosendal.
Les meir og book billettar her.
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram