Velkommen til Mostraspelutstilling!
Vår utstillar er Bernt Snorre Johansen frå Tromsø.
Årets Mostraspelutstillar er Bernt Snorre Johansen frå Tromsø. Han er utdanna fotograf, og har drive eige studio i mange år. Han har alltid vore glad i å teikna, og vart som vaksen inspiret til å måla igjen då han var med i ei kunstgruppe.
Teknikkane han nyttar i sine kunsverk er oljemåling og digigraphier. Oljemålinga vert lagt på lag på lag, noko som skapar interessante overflater og former. Koloritten strekk seg frå sarte pastellar til varme, mørke jordfargar.
Han har hatt ei rekkje separate og kollektive utstillingar, og reiste i 2011 rundt med utstillinga ”Der nord”.
I Moster Amfi presenterer han oljemåleri og nummererte digigraphi.