" Stille Lydformer "
Leif Hedman og Helge Haaland
Hedman og Haaland vil vere i utstillinga laurdag 5.1.
frå kl 1200-1400.
Utstillinga er ei vidareføring av samarbeidet som starta med kunstprosjektet i Fitjarøyane i sommar.
Hedman sine skulpturar er laga av gamle stålreiskapar. Haaland sine lydbilete er skapt i tett dialog med det visuelle uttrykket i skulpturane.
Stille og meditativt er ord som utstillarane sjølv brukar om arbeidet sitt og utstillinga.
Biletkunstnaren Leif Hedman er mest kjend for skulpturar i tre og metall.
Helge Haaland er musikar og har tidlegare komponert i ulike musikalske sjangrar.
Han nyttar elektronisk bearbeidd lyd i denne utstillinga, og prosjektet er ein del av masterstudiet hans.