Skriv utSkriv ut

Fjordcruise Langfoss - Ein av verdas vakraste fossar


Avstander
Bergen140 Km
Haugesund87 Km
Kontakt
Adresse:
Teigland
5590 Etne

Telefon959 09 664
Telefon+ 47 959 09 664
E-postbooking@aakrafjorden.no
Webwww.aakrafjorden.no


Beskrivelse

På Fjordcruiset får du meg deg eit mektig stykke Norge.

Kontrastane i Åkrafjorden er store: Nakne, steile fjellvegger og frodige lier, blikkstille fjord og fossande brevatn, steinalderfunn og småkraftverk. På den veglause nordsida anar me grasgrodde stiar mellom idylliske små tun på fråflytta gardar. På sørsida susar nye E134 i tunnel, medan den gamle europavegen – eit meisterstykke i handverk og ingeniørkunst - klorar seg fast i bratthenga. Gamlevegen var bygd under 2. verdskrig og vel 1000 mann var i arbeid. På ei fjellhylle 200 meter over fjorden ser me garden Bråskot som var så bratt at dei måtte tjora ungane sine, og segna fortel om kvifor kyrkja blei plassert i Åkra.

Opplevingane frå båtdekket kjem som perler på ei snor, men den mektigaste av dei alle er synet av Langfoss som eit brureslør ned fjellsida. Med sine 612 meter er fossen kåra til ein av verdas ti vakraste, og du vil forstå kvifor! Fjordcruise gir deg ei stor oppleving på ei lita stund!

 

Avreisestad og varighet

Avreise frå Teigland fredag, laurdag og søndag frå 16.juni - 1.september. Varighet: 3 timar.

I sesongen kan det også bestillast FjordCruise frå Åkra med minimum 8 påmeldte. Avgang kl. 11.15  Varighet: 6 timar (inkluderer pause på Åkrafjordtunet).

Grupper kan bestilla Fjordsightseeing til eigne prisar på ønska dag i utvida sesong. Kjøp billett online eller evt. på mail eller telefon.


Åkrafjorden ligg mellom Haugesund, Hardanger og Bergen der Folgefonna Nasjonalpark strekkjer seg heilt ned til fjorden. Åkrafjorden er ein Landskapspark, og bidrag frå din billett gjer det mogeleg for oss å ta vare på dette unike området.

 

Priser

Periode

Type

Pris fra

Pris til

14.06.2013 - 01.09.2013Tur/returBarn 150,00
14.06.2013 - 01.09.2013Tur/returVoksen 290,00
Tider
14.06.2013 - 01.09.2013Fredag - Søndag12:00-15:00
Relaterte produkter
Copyright © Espen Mills

Etne

Åkrafjorden Oppleving

Opplevingar som vekkjer sansane! Åkrafjorden Oppleving har fast turprogram i sommarsesongen og turar og opplevingar for store og små grupper på bestilling heile året. Me har to hovudturar: FjordCruise med sightseeing på Åkrafjorden og under Langfoss -...

Åkrafjordtunet

Etne

Åkrafjordtunet turistinformasjon

Etne

Rullestad Aktiv Fritid

Rullestad Aktiv Fritid har moderne hytter med 2 soverom, bad, badstu, stove med kjøkkenkrok og overbygd terasse med utsikt mot Rullestadvatnet. I tillegg har me 2 dobble soverom i 2. etg i servicebygget. Alle hytter og rom har kabelTV og fri...

Skånevik Fjordhotell

Etne

Skånevik Fjordhotel

Copyright © Åkrafjorden Oppleving

Etne

Langfoss

Det femte høgaste fossefall i Norge. I 2011 kåra til ein av dei ti flottaste fossane i heile verda av CNN. Og kåra til Verdas flottaste foss i 2006. Total fallhøgde 612 m. Fossen finn du langs E134 i Åkrafjorden. Rasteplass og toalett....

Kvinnherad

Kløvtur frå Åkra til Eikemo i Åkrafjorden

Fottur med guide og kløvhest til idylliske fjellvatn og stølar og over mektig fjellandskap. Overnatting i lavvo, retur med RIB-båt. Dette er ein fottur der hestane ber mat og utstyr. Turen er med overnatting i lavo inne i fjellet. Utgangspunktet for...


NY Sunnhordland_logoalt2_RGB