Årbakka Handelsstad
Kulturhistorisk og antikvarisk verdi.
Årbakka Handelsstad er ein klassisk, vestlandsk handelsstad, med handelsbu, smie og sjøbu. Den blei etablert i 1898. Smie og sjøbu måtte byggjast nye etter brann i 1929. Her har vore dampskipsekspedisjon og postkontor. I 1960 blei handelsverksemda flytta opp til hovudvegen.
Bygningane står innvendig og utvendig omlag slik dei var på 30-talet. I sjøbua er det plata mellom veggstolpane for å gjere lokalet eigna til kunstutstillingar.
Bygningar: sjøbu/galleri, kystlaget si utstilling i smio, og handelslokala i første høgda i hovudhuset. Det som skil denne handelsstaden frå andre liknande tiltak, er at den er næraste nabo til eit gravfelt frå eldre jarnalder med fleire bautasteinar.
I sommarsesongen har Tysnes Kystlag utstillingar i sjøbuo, og ved spesielle høve informasjonsutstillingar.
Staden blir nytta som utgangspunkt og endestasjon i samband med Tysnes Rundt (trebåttreff, der deltakarar frå heile regionen samlast til ein tredagars rotur rundt Tysnes) i juli månad.
På vegen ned mot området står ei informasjonstavle.
God parkering (òg for bussar) 30 meter frå anlegget, skilting ved hovudvegen.
På Årbakka er det kafé, utstilling og salg av markedsprodukter.