Skriv utSkriv ut

Moster Amfi


Avstander
Stord Lufthamn25 Km
Fasiliteter

Aktiviteter

Utstilling


Generelle fasiliteter

Café/Cafeteria


Kontakt
Adresse:
5440 Mosterhamn

Telefon53 42 66 20
Faks53 42 99 74
E-postpost@mosteramfi.no
Webwww.mosteramfi.no


Beskrivelse

Snorres Kongesoger fortel at Moster på Bømlo var første staden Olav Tryggvason gjekk i land då han kom til Noreg i år 995 for å kreve kongetrona og innføre kristendomen. Kong Olav den Heilage kom deretter til Mostratinget i 1024 og presenterte Kristenretten for første gong i landet, lovverket som erstatta dei norrøne lovene og som er grunnlaget for vårt moderne lovsystem.

Den eldste kyrkja i landet står idag på Moster, og Mostraspelet fortel kvart år soga om desse kongebesøka på Moster i det vakre Moster Amfi. På den vakre friluftsscenen, med sitjeplass til 1200 tilskodarar, kan du oppleva Mostraspelet, musikalar og konsertar.

Inne i Moster Amfi ligg utstillinga ”Frå heidendom til kristendom”, ei tankevekkjande vandring gjennom den norrøne mytologien, samfunnet i vikingtida og overgangen til kristen tru og livsforståing.

Her finn du og den nye bergverksutstillinga ”Steinriket Bømlo”, som skildrar Bømlo si spennande bergverkshistorie.

I Amfisalen blir det heile året arrangert intimkonsertar, teater, utstillingar, foredrag og selskapsarrangement og i Amfikafeen serverar me bl.a. vikingsodd og nysteikte vaflar.   

Omvisingstider 2013: 
Moster gamle kyrkje, utstillinga "Frå heidendom til kristendom"
og bergverksutstillinga "Steinriket Bømlo"

26. mai - 23. juni 

Søndagar: Kl. 13 - 14 - 15 og 16 

24. juni - 4. august 
Kvardagar: Kl. 12 -13 - 14 - 15 og 16 
Søndagar: Kl. 13 - 14 - 15 og 16 

5. - 25. august 
Søndagar: Kl. 13 - 14 - 15 og 16 

Omvising for grupper kan tingast heile året.

Prisar: 
Moster gamle kyrkje, utstillinga "Frå heidendom til kristendom" og utstillinga "Steinriket Bømlo"
- Vaksne kr. 130,-
- Barn(10-15 år)/student/honnør kr. 100,-
- Barn u/10 år gratis

Moster gamle kyrkje og utstillinga "Frå heidendom til kristendom".
- Vaksne kr. 100,-
- Barn(10-15 år)/student/honnør kr. 80,-
- Barn u/10 år gratis

Utstillinga "Steinriket Bømlo"
- Vaksne kr. 50,-
- Barn(10-15 år) kr. 30,-
- Barn u/10 år gratis

Priser

Periode

Type

Pris fra

Kommentar

- BilletterVoksen130,00Omvisning
- BilletterHonnør/student100,00Barn under 10 år gratis
- BilletterBarn100,00Omvisning
- BilletterGrupper min. 10 pers.100,00Omvisning
Tider
27.08.2012 - 01.06.2013Mandag - Fredag10:00-15:00Moster Amfi
27.08.2012 - 01.06.2013Søndag16:00-19:00Moster Amfi
26.05.2013 - 23.06.2013Søndag13:00-17:00Moster Amfi
24.06.2013 - 04.08.2013Mandag - Lørdag12:00-17:00Moster Amfi
24.06.2013 - 04.08.2013Søndag13:00-17:00Moster Amfi
05.08.2013 - 25.08.2013Mandag - Lørdag10:00-15:00Moster Amfi
05.08.2013 - 25.08.2013Søndag13:00-17:00Moster Amfi
Relaterte produkter
Copyright © Karen Løvfall Våge

Bømlo

Moster Gamle Kyrkje

Omvisning i Moster gamle kyrkje inngår i omvisningane på Moster Amfi.   Snorre Sturlason fortel i Kongesogene at Olav Trygvason let byggja ei kyrkje på Moster då han kom til Noreg i år 995. På denne staden ligg Moster Gamle Kyrkje, og denne steinkyrkja...

Copyright © Moster Amfi

Bømlo

Utstillinga "Steinriket Bømlo"

Utstillinga i tunnelen i Moster Amfi fylgjer Amfiets opningstider. Men i tillegg til denne utstillinga er det og historiske lokalitetar rundt om på Bømlo som er mulig å oppleve når ein vil. Desse turane krev eigen båt, eller frå 2-45 minutts gange. I...


NY Sunnhordland_logoalt2_RGB