Halsnøy Kloster ligg på øya Halsnøy i den sørlege delen av Kvinnherad. Klosteret stod ferdig i 1164, bygd av vikinghøvding Erling Skakke. Son hans, Magnus Erlingson, var på denne tida konge i Noreg. I sein middelalder vart dette klosteret rekna som eit av dei mektigaste klostra i denne delen av landet.
I dag er ruinane frå dette klosteret museum. Samlinga består av ruinar frå sjølve klosteret, eit hovudhus, eit båthus og steinar frå klosterkyrkja. Klosteret er og arena for kulturelle tilskipingar.
Ny tunnel til Halsnøy gjer Halsnøy Kloster lettare å nå.