Frå fjord til fonn -Bondhusdalen
Bondhusdalen er kanskje den flottaste dalen på Folgefonnhalvøya. Turen går frå kaien i Sundal oppetter Isvegen, til Bondhusvatnet, der ein ser Bondhusbreen. Isvegen er ein historisk veg som vart nytta til eksport av is frå breen tidleg på 1800-tallet. Frå Bondhusvatnet går ein vidare opp mot breen som kjem ned inst i dalen. Bondhusbreen kjem like ned til 400 mo.h., og er den av Folgefonna sine brearmer som beveger seg mest frå platået og ned mot fjorden. Isen her er dessverre ikkje trygg nok til å gå på, då den rasar mykje i fronten. På turen opp til breen kan ein blant anna gå ned i grotter som taterar nytta som gøymestad då dei plyndra rike turistar på 1800-talet. Pensjonatet i Sundal Bondhusvatnet På alle våre arrangement legg me vekt på å gje ei totaloppleving der breføraren kan fortelje mykje om Folgefonna, lokalhistorie og naturen. Folgefonna og områda kring ber på mange historier, alt frå drap på 1600-tallet, turisttrafikk og bjørnejakt på 1800-talet, til kraftutbygging på 1970-talet. I tillegg fortel Folgefonna oss mykje om klimaet me har hatt i Hardanger og på Vestlandet dei siste 10 000 åra! På alle våre arrangement kjem tryggleik i fyrste rekkje. Alle våre breførar har sertifisering i Norsk Fjellsportforum (NF).
Fakta
Turen startar ved kaien i Sundal eller eventuelt ved Olaløa. Turen vert avslutta same plass som den startar. Turen går inn i Folgefonna Nasjonalpark, som vart opna av Dronning Sonja ved Bondhusvatnet i 2005. Sesong Heile året. Lengde 2-6 timar (tilpassa gruppa).
Sesong
Denne turen kan me arrangere heile året. Naturen her byr på store opplevingar også om vinteren.
Lengde
Kan justere lengde på tur frå 1,5 til 4 timar etter gruppa sine ynskje.
Påmelding
Utanom desse søndagane må tur tingast minimum 4 dagar i førevegen.
Passar for
Denne turen kan leggast opp slik at den passar for absolutt alle. Turen er populær for bedrifter som er i Rosendal på konferanse/møte, og som ynskjer seg eitt avbrekk med ei sterk naturoppleving. Det er ikkje noko maksimum deltakarar tal på denne turen, ein tilpasser talet på breførarar etter tal på deltakarar. Av erfaring veit me at det ikkje er lurt å vere for mange deltakarar pr. breførar, då turen ikkje vert like bra tilpassa kvar enkelt deltakar.
Utstyr
Klede etter veret. Det er avhengig av årstid kor varme klede ein må ha med seg. Turen går i "låglandet", frå 0 til 400 mo.h.. Dersom turen berre går opptil Bondhusvatnet (2 timars tur) er fjellsko ikkje naudsynt, men om ein går lenger, bør ein ha gode fjellsko. Me kan tilby gode fjellsko i str. frå 36 til 47.
Reiseinformasjon
Frå Rosendal omlag 35 min, kjør mot Løfallstrand, vidare til Enes og inn til Sundal.
Frå Odda omlag 20 min, kjør gjennom Folgefonntunnelen til Austrepollen, følg hovudvegen eit par km til Sundal.
Pris
Frå kroner 200 NOK pr. person.