Fitjar sjø og camping A/S er ein ny campingplass som ligg flott til nær sjøen.
Me har opparbeidd gode tilhøve for campingturistar både i telt, campingvogner og bubilar. Me tek mot besøkjande både på korttidsopphald og dei som ynskjer ha campingvogna ståande over lenger tid.
I servicebygget er det toalettar, dusj, vask og det som trengst. Stor daglegstove og kiosk.
Fitjar camping har to nydelege, praktiske og velutstyrte heilårs ferieleiligheter til leige i servicebygget. Kvar har seks sengeplassar. Dusj og toalett på flislagt bad. Kjøkkenet har alt naudsynt utstyr. Frå skinnsofaen eller spisebordet kan du nyta utsikten over fjorden eller følgja med på mange kanalar på fjernsynet. Har du berbar datamaskin, er du tilkobla breiband.