Skriv utSkriv ut

Hesteskyss i Rosendal


Kontakt
Adresse:
5470 Rosendal

Telefon918 93 330
Telefon918 93 330
Webwww.kvinnheradhesteskysslag.no
Beskrivelse
Kvinnherad hesteskysslag tilbyr transport med hest og vogn i Rosendal.

Køyr ein tur til Baroniet:
Turen startar gjerne på den gamle dampskipskaia i Rosendal. Herfrå ber det anten rake vegen til Baroniet, eller vi tar ein sving innom Kvinnheradkyrkja eller den gamle prestegarden. Fylgjer vi denne siste ruta, kjem vi fram til Baroniet bakvegen. Då køyrer vi gjennom Omshagen, krysser elva over ei flott trebru og får den flotte avlsgarden til Baroniet framføre oss. Etter dette er det berre å nyta resten av vegen fram til sjølve Baroniet der det første ein får sjå er den store og velstelte hagen.

Køyr ein tur i vakre Rosendal
Vi har laga ein fin rundtur i kulturbygda Rosendal som vi veit du vil setja pris på. Vi kan starta på kaien, Fjordhotellet eller andre stadar etter ynskje. Turane blir gjerne lagt slik at ein kjem opp forbi prestagarden gjennom kulturlandskapet Omshagen med Malmangernuten rett på. Så køyrer vi gjennom alleen opp mot Baroniet. Turen tilbake går forbi Rosendal avlsgard og Fruehuset. Vi viser deg vegen til Steinparken, Vangssago, Putballbanen og Kvinnherad kyrkje før turen endar ved avtalt stad.

Kvinnherad Hesteskysslag på tlf: 91 89 33 30.
Priser

Periode

Type

Pris fra

Kommentar

- Pr. personBilletter200,00Minimum 3 personar
Relaterte produkter

NY Sunnhordland_logoalt2_RGB