På Fjordcruiset får du meg deg eit mektig stykke Norge.
Kontrastane i Åkrafjorden er store: Nakne, steile fjellvegger og frodige lier, blikkstille fjord og fossande brevatn, steinalderfunn og småkraftverk. På den veglause nordsida anar me grasgrodde stiar mellom idylliske små tun på fråflytta gardar. På sørsida susar nye E134 i tunnel, medan den gamle europavegen – eit meisterstykke i handverk og ingeniørkunst - klorar seg fast i bratthenga. Gamlevegen var bygd under 2. verdskrig og vel 1000 mann var i arbeid. På ei fjellhylle 200 meter over fjorden ser me garden Bråskot som var så bratt at dei måtte tjora ungane sine, og segna fortel om kvifor kyrkja blei plassert i Åkra.
Opplevingane frå båtdekket kjem som perler på ei snor, men den mektigaste av dei alle er synet av Langfoss som eit brureslør ned fjellsida. Med sine 612 meter er fossen kåra til ein av verdas ti vakraste, og du vil forstå kvifor! Fjordcruise gir deg ei stor oppleving på ei lita stund!
Avreisestad og varighet
Avreise frå Teigland fredag, laurdag og søndag frå 16.juni - 1.september. Varighet: 3 timar.
I sesongen kan det også bestillast FjordCruise frå Åkra med minimum 8 påmeldte. Avgang kl. 11.15 Varighet: 6 timar (inkluderer pause på Åkrafjordtunet).
Grupper kan bestilla Fjordsightseeing til eigne prisar på ønska dag i utvida sesong. Kjøp billett online eller evt. på mail eller telefon.
Åkrafjorden ligg mellom Haugesund, Hardanger og Bergen der Folgefonna Nasjonalpark strekkjer seg heilt ned til fjorden. Åkrafjorden er ein Landskapspark, og bidrag frå din billett gjer det mogeleg for oss å ta vare på dette unike området.