Skriv utSkriv ut

Folgefonna Nasjonalpark


Beskrivelse

Norges 3. største bre har eit samla areal på 214 km2. Toppen av Folgefonna er 1662 m.o.h. Det går turvegar opp frå Sundal og Odda. I sommarsesongen er det dagleg breføring over breen mellom DNT hyttene Fonnabu og Holmaskjær. Det er også tilbod om blåisturar i nokre av brearmane.
Folgefonna er kjent for sin dramatiske og vakre natur. Med fjordar, fjell, elver, vatn og brefall er Folgefonnhalvøya mellom dei aller viktigaste reisemåla i Norge.

Naturoppleving
Variasjonen er stor, det same er høvet for allsidig naturoppleving. I nasjonalparken finst gamle ferdsleruter og stølsvegar som har vore brukt gjennom lange tider. Dei fleste av desse rutene vert brukt også i dag. Fotturistar nyttar området både til dagsturar og lengre turar. Det finst 4 sjølvtente turisthytter i nasjonalparken som står opne heile året - Fonnabu, Breidablikk, Holmaskjer og Saubrehytta . Hyttene er opne for alle.

Med Nordfonna som utgangspunkt er Folgefonna lett tilgjengeleg. Her kan du ta med deg skia ein vakker sommardag. Buerbreen og Bondhusbreen er ikkje like lett tilgjengelege, men desse vakre og vidgjetne brearmane kan du kan sjå og oppleve på nært hald. Du kan kontakte ein lokal breførar og få ei krevjande, men særs minnerik oppleving i det mest utfordrande terrenget som er å finne i Noreg. Turlaga har kvart år brekurs for dei som vil lære meir om ferdsel på bre. Turlaga og ulike firma har organiserte turar ein kan melde seg på.

Folgefonna er særleg kjent for fantastiske vårskiturar, men det er mogleg å gå på ski her nesten heile året. Du kan gå Folgefonna både på langs og på tvers. Særleg kjend er den opplevelserike ruta Sunndal – Keiserstien – Fonnabu. Her er det og organisert dagleg breføring deler av sommeren. Du kan fortsette over breen til Holmaskjer og ned Tokheimslia.

Elvane i nasjonalparken er mange, men ofte bratte og strie. Nokre av dei er like fullt gode fiskeelver, også for laks og sjøaure. Æneselva bukter seg i vakre svingar, og er veleigna m.a. til kanopadling. Dei inste delane av Ænesdalen er så å seie urørte og har sterkt villmarkspreg.

Landskap og geologi
I nasjonalparken er det særs interessante område for studie av berggrunnsgeologi og kvartærgeologi (lausmassar). Vi finn eit mangfald av bergartar med strukturar som fortel om ulike geologiske hendingar.
Bergartane og strukturane representerer eit enormt spekter i tid, heilt attende til om lag 1,5 milliardar år før notid.

Undersøkingar av lausmassar som skriv seg frå siste istid eller seinare, fortel korleis breen har forma landskapet. Mange av landformene i området vart forma av isbreane under den siste istida. Så godt som alt landareal i Noreg var dekka av is
for 10 000 - 12 000 år sidan.

Dei høgste toppane i Rosendalsfjella synest å ha vore eit unntak. Dei avskorne toppane vi ser her i dag er truleg landformer som vart danna vesentleg tidlegare, og som ikkje vart nemneverdig endra gjennom siste istid.
 
Isbreane dominerte landskapet kring Folgefonna under den siste istida. Likevel er det truleg feil at breane vi har i Noreg i dag er restar etter denne kalde perioden. Mykje tyder på at Folgefonna var heilt vekksmelta i steinalderen, frå 8000 til om lag 5200 år sidan, og at den har vakse fram sidan som ein følgje av klimaendrinar.

I Rosendal er det bygd ein steinpark der du får demonstrert ei rekke lokale bergartar, slipt til slik at dei fantastiske strukturane i steinen vert framheva. Senteret gjev eit sjeldant innsyn i dei talrike geologiske prosessane som har gått føre seg i området.

Dyr og planter
Storparten av fjellområda har ein relativt artsfattig flora, fordi sure bergartar dominerer og vekstsesongen er kort. Høgt til fjells er det for karrig til at mange dyr kan trivast, men nettopp her finn vi ein god bestand av den nøysame fjellrypa.

Store kontraster
Nøysame artar som rabbesiv, musøyre og stivstorr er utbreidde på den skrinne jorda. Moselyng, jøkelstorr og snøull er spesialistar på å takle dei ekstreme snøforholda, dei kan vekse heilt inn til brekanten.

På steile berg i overkant av rasmarkene finst dekorative planter som gulsildre, raudsildre, fjellsmelle og svarttopp. Reinrose veks enkelte stader, m.a. ved Skjeggesnuten og Sauanuten. Dei to fjella har kalkhaldig berggrunn og er botaniske oasar  med ein rik fjellflora.

Søterot stiller ikkje store krav til jordsmonnet, og den er stadvis vanleg i fjellskogen og i lågare del av snaufjellet. Fjellvandrarar legg merke til den store og staselege søterota.

Også bergfrue er litt av eit syn når ho veks i hundretal med store kvite blomeklasar. Ingen andre planter er så godt tilpassa dei steile fjellveggene omkring Folgefonna.

På vestsida av Folgefonna og nedover i dalførene er nedbøren høg, og det gjør at du finner mange planter som trives best i fuktig klima. Sjølv den ekstremt vestlege hinnebregna veks så langt aust som til Furebergfossen på grunn av det konstant våte lokalklimaet i drevet frå fossen. Kystplanter som revebjelle, rome, klokkelyng, bjønnkam, smørtelg og storfrytle set eit preg på vegetasjonen frå fjorden og opp mot skoggrensa.

Dyreliv i karrige fjell og i skogen
Høgt til fjells er det for karrig til at mange dyr kan trivast, men nettopp her finn vi ein god bestand av den nøysame fjellrypa.  Tilgang til ryper som byttedyr er ei viktig årsak til at kongeørna hekkar i fleire av dalføra inn mot fonna. I gode smågnagarår er fjellvåken ein vanleg rovfugl. Heipiplerka er den mest talrike fuglearten i områda ovenfor skoggrensa.

I skogane på Folgefonnhalvøya er hjorten talrik. Kvinnherad er i dag den kommunen i landet som har størst hausting av hjort. Orrfuglen er vanleg i områda rundt skoggrensa, og litt lengre nede, i furuskogen kan du kome over storfuglen - tiur og røy. Naturskogane på Vestlandet er i dag blant dei siste attverande leveområda i Vest-Europa for kvitryggspetten. Mange stader på Folgefonnhalvøya har snøskred ført til god tilgong på døde tre. Slike område er ofte særleg gunstige for hakkespettar. 

Historie
Naturgrunnlaget har vore utgangspunktet for fast busetjing i dalføra kring Folgefonna frå førhistorisk tid. 

Dei fleste kulturminna som ein ser i dag er av vesentleg nyare dato, ofte knytta til epoken med stølsdrift opp mot fjellet. Stølsdrifta var avgjerande for å kunne livberge seg av jordbruk, men i dag er denne tradisjonen stort sett borte.

Organisert turisttrafikk tok til allereie i 1833 frå Sunndal til Tokheim i Odda. Turistane gjekk til fots og vart i ein periode frakta med hest og slede over breen. For hundre år sidan var det livleg trafikk av cruisebåtar i fjordane. Brearmane i Bondhus og Buer og dei mange imponerande fossane var viktige reisemål for turistane, og Odda var den gongen den viktigaste hamna for cruisebåtar i landet.

Baroniet i Rosendal ligg like utanfor nasjonalparken. Slottet er frå 1600-talet og har vore freda sidan 1920-åra. Dette er det einaste baroniet Noreg har hatt, og bygningane med den vakre, kringliggjande rosehagen er i dag ein av Norges aller største turistattraksjonar.

Relaterte produkter
Copyright © FNS

Kvinnherad

Folgefonna Nasjonalparksenter, Rosendal

Her kan du bli betre kjent med Folgefonna og området rundt isbrea. På nasjonalparksenteret kan du sjå fleire presentasjonar med ulike tema frå heile nasjonalparken. Få med deg biletspelet "DRAMA I BERG" som viser korleis Folgefonnhalvøya vart til....

Copyright © KLV

Kvinnherad

Tursti til Bondhusvatnet og Bondhusbrea

Stad Sunndal, Mauranger. Turkart Folgefonna nasjonalpark. Start- og sluttpunkt Bondhus. Parkering Frå Sunndal gjennom Bondhusbygda 500 m til P-plass ved inngangen til Bondhusdalen. Skilt ved riksvegen. OBS: Parker slik at vegen er framkomeleg for...

Copyright © Kåre Eik

Kvinnherad

Tursti til Fonnabu ved Folgefonna

Stad:  Sunndal, Mauranger. Turkart: Folgefonna nasjonalpark. Start- og sluttpunkt: Bondhus. Parkering: Frå Sunndal gjennom Bondhusbygda 500 m til P-plass ved inngangen til Bondhusdalen. Skilt ved riksvegen. OBS: Parker slik at vegen er...

Copyright © Olav Gjerde

Kvinnherad

Tursti til Juklavatnet

Stad Nordrepollen, Mauranger. Turkart Folgefonna nasjonalpark. Start- og sluttpunkt Jukla kraftstasjon. Parkering Frå Nordrepollen 12 km på godt sikra anleggsveg med fast dekke, til P-plass ved Jukla kraftstasjon....

Copyright © Svein Magne Tunli

Kvinnherad

Tursti til Svelgabreen

Stad Blådalen. Sørspissen av Folgefonna. Turkart Folgefonna nasjonalpark. Start- og sluttpunkt P-plass 150 m før vegenden i Blådalen. Parkering Frå Rv 48 køyr opp Omvikdalen og følg skilting 25 km til P-plass 150 m før vegenden ved...

Åkrafjordtunet

Etne

Åkrafjordtunet turistinformasjon

I Etne finn du Langfoss - ein av dei vakraste fossane i verda! Få informasjon om denne flotte kommunen på Åkrafjordtunet, som du finn ved Åkrafjorden, langs E 134....

Copyright © Espen Mills

Etne

Åkrafjorden Oppleving

Opplevingar som vekkjer sansane! Åkrafjorden Oppleving har fast turprogram i sommarsesongen og turar og opplevingar for store og små grupper på bestilling heile året. Me har to hovudturar: FjordCruise med sightseeing på Åkrafjorden og under Langfoss -...

Copyright © Åse Marie Evjen

Kvinnherad

Kajakkpadling ved Folgefonna

No kan du padle kajakk på Møsevatnet, i sørenden av Folgefonna! Turen innover i Blådalen er i seg sjølv ein flott tur med bil. Ca. 1 times kjøretur frå Rosendal kjem du inn til Møsevatnet.  Her kan du padle i isvatn frå Folgefonna!  Det er...


NY Sunnhordland_logoalt2_RGB