Fyret på Ryvardsneset er eit kjent landemerke på kysten.
På Ryvarden finn du bl.a. Galleri Ryvarden, kafé, kunstatelier og fyrmesterbustad som du nå kan leige for overnatting. Kafeen har ope helgedagar med utvida opningstider om sommaren og selskapslokaler til leige.
Til minne om dei 16 omkomne etter Sleipnerforliset i 1999, som skjedde like i nærleiken, er det reist eit minnesmerke.
Frå Mølstrevåg er det 2 km å gå på god grusveg. Vidt utsyn over Nordsjøen, Sletta, Bømlafjorden og til øyane vest i havet.
Galleri og kafé er frå og med 24.mars open alle søndagar og helligdagar kl. 11-16. I tillegg er det ope frå 10.juli - 3.august onsdagar og laurdagar kl. 12.00 - 16.00.