Austevoll er villsauen og laksen sitt rike, men og for dei vel 4.400 ibuarar som gjerne vil ha fleire med seg. Kommunen består av 667 øyar, holmar og skjer, ni av desse med fast busetnad. Bruer, snøggbåtar og ferjer sikrar gode samband både innad i kommunen og til fastlandet. Austevoll byr på eit praktfullt kystlandskap med ei mengd øyar, holmar, trange sund, lune hamner, lyngheiar, villsau og frodig furuskog. Vendt mot havet ligg Austevoll som ein vaktar over innseglinga til Bergen.