Skriv utSkriv ut

Bilvandring - Kattnakken, Stord


Kontakt
Adresse:
5417 Stord

Telefon53 49 66 00
Webwww.carwalks.com


Beskrivelse
Ein spenstig toppur til fjelltoppen Kattnakken 724 m.o.h. Høgdeforskjell frå parkeringsplass til toppen - 300 m. Flott utsikt frå toppen i godt ver. Turen tek omlag 1-2 timar, på grusa anleggsveg, alternativt sti. Delvis bratte parti. Turkart kan kjøpast hjå bokhandlarane og i Kundetorget.

Terreng: Grusa anleggsveg, alternativ sti. Delvis bratte parti.
Tid: 1 1/2 - 2 timar.
Ta av frå E39, anten i Førlandskrysset nord for Rommetveit eller i
Ådlandskrysset nord for Leirvik, vegen er båe stadar merka «Fjellgardane
». Frå Presthaugkrysset følgjer ein vegen til Lundseter fjellstove og
vidare ca. 3 km til parkeringsplass på Heio. Vegen opp til Heio kan vera
stengt med bom ved Lundarstøl om vinteren.
Heio (1) er ei ca. 400 daa stor gras- og myrslette (morene) som frå gamalt
har vore viktig sauebeite for bøndene på Stord. Vegetasjonen er dominert
av kysttypiske artar, myr- og lyngsamfunn med noko blåbærlyng og graseng
innimellom. Om vinteren er Heio mykje brukt som skiområde. «Steinen
» som ligg heilt nord på Heio er eit mykje brukt turmål om vinterenVegen opp til Kattnakken fjernsynsmast (2) vart bygd i 1968. Masta (Stord
Kringkastar) kom i drift året etter. Vegen er sprengt inn i fjellsida og har
jamn stigning mot toppen.
Stordøyo er eit geologisk interessant område, mest som eit høgfjell ut
mot havet. Det meste er gabbro og gang- og dagbergartar av gabbro.
Fjellformasjonane i dette området har mange geologiske godbitar å by
på.
Kattnakken (2) er namnet på den nordaustre delen av det flate fjellpartiet
som strekkjer seg frå Stovegolvet i sør via Skorafjellet til Midtfjellet i
nord. Høgaste punktet på Kattnakken er 724 m.o.h. og dette er nest høgste
punktet på heile Stordøyo. Berre Mehamarsåta mot nord er høgre (749
m.o.h.).
Utsikten frå Kattnakken er storslått:
- mot nord ser ein Fitjarfjellet, Reksteren og Tysnes
- mot aust ser ein rett ned i Langenuen, skipsleia mellom Stord og Tysnes.
Bakom ligg Huglo, før Hardangerfjorden skiljer mot dei store fjellmassiva
i Kvinnherad. Folgefonna er ekstra vakker i solskinnet. Legg
merke til den nakne Nordhuglo og Tysnesskorpo. Bergarten er hard og
sur med liten eller ingen vokster.
- mot sør får ein først eit flott inntrykk av det furukledde låglandet sør på
Stordøyo, med Ådlandsvatnet og dei grunne vikane langs Hystadlandet
mot Rommetveit. Berggrunnen i låglandet på Stord og Tysnes er
kalkhaldig med frodig skog.
På sørenden av øya ser ein Aker Stord og deretter Klosterfjorden og
Bømlafjorden, Føyno og Sveiolandet lengst borte. Det store samferdselprosjektet
«Trekantsambandet» går i dette området.
- mot vest er det utsyn til Bømlo og Fitjarøyane, med Selbjørnfjorden og
Austevoll i nordvest. Stovegolvsfjellet stengjer noko av utsynet mot sørvest

NY Sunnhordland_logoalt2_RGB