Snorres Kongesoger fortel at Moster på Bømlo var første staden Olav Tryggvason gjekk i land då han kom til Noreg i år 995 for å kreve kongetrona og innføre kristendomen. Kong Olav den Heilage kom deretter til Mostratinget i 1024 og presenterte Kristenretten for første gong i landet, lovverket som erstatta dei norrøne lovene og som er grunnlaget for vårt moderne lovsystem.
Den eldste kyrkja i landet står idag på Moster, og Mostraspelet fortel kvart år soga om desse kongebesøka på Moster i det vakre Moster Amfi. På den vakre friluftsscenen, med sitjeplass til 1200 tilskodarar, kan du oppleva Mostraspelet, musikalar og konsertar.
Inne i Moster Amfi ligg utstillinga ”Frå heidendom til kristendom”, ei tankevekkjande vandring gjennom den norrøne mytologien, samfunnet i vikingtida og overgangen til kristen tru og livsforståing.
Her finn du og den nye bergverksutstillinga ”Steinriket Bømlo”, som skildrar Bømlo si spennande bergverkshistorie.
I Amfisalen blir det heile året arrangert intimkonsertar, teater, utstillingar, foredrag og selskapsarrangement og i Amfikafeen serverar me bl.a. vikingsodd og nysteikte vaflar.
Omvisingstider 2013:
Moster gamle kyrkje, utstillinga "Frå heidendom til kristendom"
og bergverksutstillinga "Steinriket Bømlo"
26. mai - 23. juni
Søndagar: Kl. 13 - 14 - 15 og 16
24. juni - 4. august
Kvardagar: Kl. 12 -13 - 14 - 15 og 16
Søndagar: Kl. 13 - 14 - 15 og 16
5. - 25. august
Søndagar: Kl. 13 - 14 - 15 og 16
Omvising for grupper kan tingast heile året.
Prisar:
Moster gamle kyrkje, utstillinga "Frå heidendom til kristendom" og utstillinga "Steinriket Bømlo"
- Vaksne kr. 130,-
- Barn(10-15 år)/student/honnør kr. 100,-
- Barn u/10 år gratis
Moster gamle kyrkje og utstillinga "Frå heidendom til kristendom".
- Vaksne kr. 100,-
- Barn(10-15 år)/student/honnør kr. 80,-
- Barn u/10 år gratis
Utstillinga "Steinriket Bømlo"
- Vaksne kr. 50,-
- Barn(10-15 år) kr. 30,-
- Barn u/10 år gratis