Sveio ligg strategisk til "midt i leio". Kyststamvegen (E 39) går gjennom heile kommunen, og skipsleia går over Sletta og gjennom Bømlafjorden. Landskapet i Sveio varierer frå ope hav og nakne svaberg, via lyngheier og små fjell, til produktivt jord- og skogbruksland. Om fjelltoppane ikkje er så høge, kan du få eit vidt utsyn over hav, fjord og land frå mange av dei.