Vellykka Reiselivsseminar i Skånevik

Det var et vellykka Reiselivsseminar i Skånevik den 15 og 16.februar!! Det var to dager med både fagleg og sosialt innhald!

Vellykka Reiselivsseminar i Skånevik
Vellykka Reiselivsseminar i Skånevik

Under Reiselivsseminaret blei me betre kjent med kven NCE-tourism er og kva dei arbeidar med, og det vart informert om dei ulike type midlar ein som reiselivsverksemd kan søkje om, som Innovasjon Noreg regionkontora sit på. Verksemdene fekk prøve seg på produktpakking under ein workshop på slutten av dagen, før me avslutta kvelden med kjekke aktivitetar, god mat og hygge på Villmarksleiren i Skånevik.

Dagen etter vart det eit inspirerande innlegg av Torstein Hatlevik, før dagen vart avslutta med Årsmøte for VisitSunnhordland.

Dette vert eit årleg arrangement som me skal arrangere for våre medlemsverksemder, men og andre reiselivsverksemder som ynskjer å delta.

Tema for neste arrangement lar me vera opp til reiselivsverksemdene, om dei har ulike tema dei ynskjer å få meir kunnskap om!

Sist oppdatert   05.03.2012   Av   Linn Therese Vinje
NY Sunnhordland_logoalt2_RGB