I samarbeid med Innovasjon Norge vil Sunnhordland ha ein heilside i magasinet ”Norges Magasinet”.
Dette er eit magasin med informasjon om alle Noregs destinasjonar, og kva ein kan sjå og oppleva i Noreg. Dette magasinet rettar seg mot den norske turistmarknaden.
Her vil me gå inn med bileta, informasjon og ein ’kva skjer’ spalte om Sunnhordland.
På denne heilsida vil det vera mogleg for enkeltverksemder å kjøpa seg inn med eigne annonsar. Det er plass til 6 moduler (annonsar) på sida. Så her er det første mann til mølla.
Sjekk ut korleis Norgesmagasinet for 2011 ser ut, Sunnhordland sin annonse er på side 46.
FRIST FOR TILBAKEMELDING ER 5. JANUAR 2013