Visningsturar for turistvertar

Visningsturane vart gjennomført for å auke kompetansenivået om heile Sunnhordlandregionen, og ikkje berre si eiga kommune.

Visningsturar for turistvertar
Foto: Linn Therese Vinje

I slutten av mai og byrjinga av juni vart det gjennomført tre visningsturar for dei som arbeidar innan reiselivsnæringa i Sunnhordland, både fra turistkontora og frontpersonell i reiselivsverksemder. Det vart leid inn buss og det kosta ikkje noko for kvar enkelt å vera med da dette var eit tiltak frå Samarbeidsrådet for Sunnhordland/Visitsunnhordland. Alle som var med blei tatt veldig godt imot av reiselivsverksemdene me vitja, og me fekk smaka på mange lokale delikatesser undervegs. Samstundes fekk me både sjå og oppleve kva som eigentleg finns av overnatting, opplevingar, kultur og attraksjonar i vår eiga region som mange ikkje visste om. Formålet med desse turane er å auka kompetansenivået om heile regionen Sunnhordland, slik at dei som arbeidar i reiselivsnæringa kan anbefale den vitjande fleire kjekke opplevingar slik at turisten vel å bli ein natt ekstra.

Sist oppdatert   12.09.2011  
NY Sunnhordland_logoalt2_RGB