Samarbeidsrådet for Sunnhordland har arbeidd for å utvikla reiselivet i regionen sidan 2004. Det er innleia samarbeid mellom Samarbeidsrådet for Sunnhordland og verksemdene nedanfor med det føremål å etablera eit fellesskap av verksemder og kommunar gjennom Visitsunnhordland for utvikling og marknadsføring av reiselivsnæringa i regionen.
Alle verksemder som har interesse av reiseliv er velkomne som medlem. Medlemma er viktige støttespelarar for oss i arbeidet med å utvikla Sunnhordland som reisemål.