Som samarbeidspartnar hos Samarbeidsrådet for Sunnhordland kan du annonsera i dei offisielle publikasjonane til Visitsunnhordland

Foto: Linn
SAMARBEIDSAVTALE
For å kunna annonsera i Sunnhordland guide 2012 er det ein føresetnad at ein er samarbeidspartnar med Samarbeidsrådet for Sunnhordland. Det er IKKJE mogleg å annonsera i guiden utan ein slik medlemsskap. Som medlem får du automatisk ei linjeannonse i guiden, produktpresentasjon på visitsunnhordland.no og produktpresentasjon i produktmanualen inkludert i medlemsprisen.
SUNNHORDLANDGUIDE 2012
Sunnhordland guide 2012 er den offisielle årlege reiseguiden for regionen, gitt ut av Samarbeidsrådet for Sunnhordland. Guiden inneheld nyttig informasjon om attraksjonar, aktivitetar, arrangement, overnatting, servering og transport. Brosjyren er delt inn kommunar, og har i tillegg ei opplisting av overnatting, aktivitetar og servering bak i guiden.
Kvifor verta samarbeidspartnar og annonsera i sunnhordlandsguiden?
• Eksponering i ein ryddig og informativ guide.
• Guiden er viktigaste arbeidsverktøyet og oppslagsverket for turistinformasjonane i heile regionen.
• Me har digital distribusjon av guiden via visitnorway.no (e-katalog med navigering).
• Guiden kan lastast ned på www.visitsunnhordland.no , www.fjordnorway .com og www.visitnorway.com
• Brosjyren har ein hendig storleik, og kan enkelt puttast i lomma eller veska/ryggsekken. • Detaljert utbrettskart bak i guiden.
• Oversiktleg festivalliste. • Omsetjing er inkludert i prisen for tekst/annonse. Nytt i guiden for 2012:
• Rundturforslag, med kontaktinformasjon til aktørar som kan skreddarsy turar.
• Topp fem-forslag til vandreturar i Sunnhordland.
• Generell tekst på sidene (8-17) er skifta ut med meir konkret og salsretta tekst, som er meir nyttig i marknadsføring.
• Større opplag (Ca. 70 000, ein auke på 10 000 i høve dei to siste åra).
• Arrangement/festivalar får eigne, godt synlege sider i guiden, med kontakt- og arrangementsinformasjon.
Målgrupper:
• Individuelle turistar.
• Grupper og andre vitjande som planlegg å reise til Sunnhordland, er på veg til, eller allereie er i Sunnhordland.
• Turoperatørar og reisebyrå som planlegg gruppereiser, bussreiser, møteverksemd eller andre typar reiser til Sunnhordland.
Distribusjon:
• Turistinformasjonar, reiselivsverksemder, gjestehamner osb. i Sunnhordland. • Ved Sunnhordlandstand og i hyllene på turistinformasjonen i Bergen.
• Til frontlinjepersonell ved overnattingsverksemder og attraksjonar i Bergen.
• På ei rekkje turistinformasjonar i heile Hordaland, og deler av Rogaland.
• På ferjene til Tide og Fjord1.
• På hurtigbåtterminalen i Bergen og Leirvik.
• På Bergen lufthavn Flesland, Haugesund lufthamn og Stord lufthamn.
• På messer og workshops utanlands. • Utsending til alle som tingar via e-post, telefon, brev osb.
INTERNETT OG BOOKING 2012
Internett blir stadig viktigare som kommunikasjonskanal. Den offisielle Sunnhordlandsportalen www.visitsunnhordland.no vart nylansert 28. mai 2009, og vil på ein betre måte profilera Sunnhordland.
Bli synleg på nettet
Den nye portalen er ein del av det nye nettkonseptet som Fjord Norge har lansert. Dei har samla alle destinasjonsselskapa på Vestlandet i ei og same nettløysning, slik at den vitjande kan navigera seg fram og tilbake mellom nettportalane til dei ulike destinasjonane. På denne måten vil trafikken inn til internettportalane til destinasjonane i Fjord Norge verta større. Nettsida www.visitsunnhordland.no skal vera det beste verktøyet for planlegging og bestilling av reise og opplevingar i Sunnhordland.
Fordelar med å vera samarbeidspartnar og eksponering i nettløysinga til Fjord Norge:
• Synleg i fellesskap med andre reiselivsverksemder i regionen på www.visitsunnhordland.no,
• Høve til å verta synleg på www.fjordnorway.com og www.visitnorway.com , og dermed treffa eit enda større publikum (sjå produktpresentasjon 2 og 3)
• Synleggjering på andre nettstader: Travel, Ditt distrikt, Eniro, nasjonal mobilapplikasjon, maps. google.no, buisunnhordland.no og kulturnett.no.
• Synleggjering i Portier. Portier er ei informasjonsnettsida for turistinformasjonar over heile Noreg. Turistinformasjonane kan senda søkeresultat direkte til potensielle tilreisande via e-post eller skriva ut informasjonen til turistar som vitjar turistkontora.
• Høve til å oppdatera informasjonen om di verksemd året rundt
• Høve til å leggja ut arrangement/utstillingar/festivalar osb. som vert synleg i kulturkalenderen på www.visitsunnhordland.no heile året. Guestmaker, online booking Har du ikkje eit bookingsystem frå før? Hos oss kan du få tilgang til eit fullverdig system, Guestmaker, som er enkelt å halda oversikt over, og som du i tillegg vil kunna bruka på di eiga webside. Har du allereie eit system, kan det vera mogleg å integrere Guestmaker med Brukar du Visbook eller er synleg på hotelzone.com, kan du no integrera bookingsystemet ditt med desse slik at prisane dine vert henta direkte frå ditt bookingsystem. Stadig fleire kundar ønskjer å bestilla direkte på nettet. Mange reiselivsaktørar i Hordaland og Fjord Norge, deriblant Samarbeidsrådet for Sunnhordland, har no slutta seg til same administrasjonsog bookingsystem, Book Norway. Dette er ei ny plattform for online booking som gjer det mogleg å booka ulike typar reiselivsprodukt frå heile landet, direkte gjennom www.visitnorway.com. Dette har stor salsutløysande effekt på dei produkta som er synlege gjennom løysinga me tilbyr for online booking.
Fordelar med å nytta seg av GuestMaker og online booking:
• Du får eit eige, internt resepsjons-/administrasjonssystem
• Kundane kan booka tenestene gjennom fleire kanalar: Di eiga heimeside, www.visitsunnhordland.no og www.visitnorway.com
• Du får ein stad for oppdatering av informasjon, kapasitet og pris. her kan du oppdatera alle kanalar samstundes.
• Alle bestillingar blir gjort direkte med kvar einskild verksemd
• Enklare å finna – enklare å kjøpa
• Informasjonsmøte/kursing i bruk av GuestMaker er gratis
INFORMASJON OM REISELIVSARBEIDET I SUNNHORDLAND
Samarbeidsrådet for Sunnhordland fungerar som eit destinasjonsselskap for dei åtte sunnhordlandskommunane. Dei siste sju åra har me arbeidd med gjennomføring av ulike marknads- og produktutviklingstiltak. Desse har vorte gjennomførte ved hjelp av prosjektfinansiering frå offentlege og private aktørar. For å kunna vidareutvikla og betra reiselivsnæringa i Sunnhordland er det for perioden 2010-2015 utvikla ein heilskapleg reiselivsstrategi for Sunnhordland. Reiselivsplanen skal vera tydeleg og gje retning for offentleg innsats og næringa sine prioriteringar. Den overordna vekststrategien for utviklinga av reiselivet i Sunnhordland i planperioden 2010-15 er å styrkja produktutvikling og hovudsakleg basera seg på allereie eksisterande produkt og tematisering av desse. Samstundes skal marknadsaktivitetar styrkjast. Planen er vedteken av alle dei åtte kommunane og frå 2009 gjekk alle kommunane i Sunnhordland inne med ei grunnfinansiering på 10 kroner per innbyggjar. Det er lagt opp til ein auke på to kroner per innbyggjar kvart år. Dette krev også ein innsats frå næringa, ved at dei viser vilje til å vera med på ei felles reiselivssatsing. Frå og med januar 2011 er det slik at kvar verksemd som ønskjer å annonsera må skriva under ein bindande treårig samarbeids-/ marknadsføringsavtale med Samarbeidsrådet i Sunnhordland. Avtalen inkluderar eksponering i Sunnhordlandguiden, produktpresentasjon på www.visitsunnhordland.no og produktpresentasjon i Produktmanualen til Sunnhordland. Ein kan og ta del i fleire interessante marknadsaktivitetar saman med eller via Samarbeidsrådet. Denne avtalen gjer det mogleg for dei enkelte reiselivsaktørane å kunna ha eit lengre og meir føreseieleg perspektiv på framtidig marknadsføring.
I Samarbeidsrådet i Sunnhordland er det 2,4 stilling til å arbeide med reiseliv det kommande året.
Tidlegare reiselivsansvarleg Gro Røhne Andresen er i utdanningspermisjon, men vil det neste året halde fram i 20 % stilling hjå samarbeidsrådet. Linn Therese Vinje arbeidar som reiselivsansvarleg i ei 100 % stilling. Utover dette er Karen Løvfall Våge tilsett 40 % som prosjektmedarbeidar, og Jan Morten W. Nesse er prosjekttilsett i 80 % stilling bl.a. som prosjektleiar for Vandring i Hordaland. Reiselivssatsinga har ei eiga styringsgruppe. Det er gjennom den nye samarbeidsavtalen vedtatt ei ny organisering av denne styringsgruppa, som seier at det skal vera overvekt av representantar frå næringa i styringsgruppa. Dei nye representantane er:
Næringsrepresentantar:
Faste:
Martin Tveita - Stord Hotell
Asta Johannesen - Bekkjarvik Gjestgiveri
Torstein Hatlevik - Haaheim Gaard
Per M Kjellesvik - Rullestad Aktiv Fritid
Ove Hillesland - Rosendal Turisthotell
Vara:
Lasse Breivik - Bømlo Hotell
Gunn Bente Håvardsholm - Ryvarden
Lillian Nesse - Padleåro
Kommunerepresentantar:
Faste:
Ellen Tveit – Sveio kommune
Harald Rydland - Fitjar kommune
Magne Raknes – Bømlo kommune
Vara:
Fredrik Litleskare – Stord kommune
Nina Vierdal Vee – Etne kommune
Svein Opdal – Kvinnherad kommune
MARKNADSAKTIVITETAR & PROSJEKT
Årlege reiselivsaktivitetar som Samarbeidsrådet deltek i:
• Web og online booking system – vedlikehald og utvikling
• Fotoarkiv - service og vedlikehald av basen.
• Produksjon/oppdatering/distribusjon av trykksaker som Sunnhordlandsguide, profilbrosjyre, sykkelbrosjyre, båtguide osb.
• Produksjon og oppdatering av destinasjonspresentasjon på ulike nettstader
• Kvalitetssikring av informasjon i reisehandbøker, magasin, sommaraviser osb.
• Delting på publikumsmesser som vandremesse i Stuttgart (Tyskland)
• Deltaking på Norwegian Travel Workshop og andre relevante workshops utanlands
• Deltaking på Info Workshop for frontlinjepersonell i Bergen
• Koordinering/vertskap for visningsturar for nasjonale og internasjonale medium.
• Kompetanseheving hos turistinformasjonane
• Tilrettelegging for turoperatørar som ønskjer å selja vårt område
• Deltaking i Fjord Norge Reiseguide
• Deltaking i Fjord Norge Produktmanual & Facts and Prices + ulike temahefte
• Deltaking i Innovasjon Norge sine marknadsaktivitetar i den internasjonale marknaden
• Annonsering i diverse publikasjonar som Bergen Guide, rundturbrosjyre mv.
• Koordinering av Sunnhordland si deltaking i Nasjonal marknadskampanje, i samarbeid med dei andre destinasjonane i Hordaland. I tillegg arbeidar me med ulike produktutviklingsprosjekt:
• Sykkelturisme i Sunnhordland
• Sykkelturisme i Hordaland
• Vandring i Hordaland