Hopp i Havet i Uskedalen
Tagget med
Gjestehamner

Gjestehamner i Sunnhordland

Sunnhordland er eit eldorado for båtfolk. Her kan du segla på ope hav, i skjergarden eller i tronge fjordar. Du kan finna di eiga øy eller nytta deg av over 30 gjestehamner som ligg spreitt ut over i heile Sunnhordlandsbassenget.

Med båt når du og mangfaldet av kulturtilbod og aktivitetar som vert arrangert rund om i kommunane i regionen. Du kan og nytta alle moglegheitene som ligg for turar i skog og mark eller til topps på høge fjell. I Austevoll er Bakkasund og Bekkjarvik to av fleire gode hamner for båtfolket. Kjem du til Fitjar er det mange små og store øyar der du kan finna stader heilt for deg sjølv. I sentrum kan du få med deg sumarrevyen ved Fitjar fjordhotell eller ta turen til fjells.

I Bømlo er det flott å gå igjennom Kulleseidkanalen og å oppleva den gamle handelsstaden i Brandasund eller Espevær yttarst mot havet. Gløym ikkje Mosterhamn – og ta turen opp i amfiet. I Sveio er Leirvågen og Kjerkegarden ved havet ”eit must”. Holmeliv i Førdespollen kan anbefalast. Mellom Kvinnherad og Etne ligg Åkrafjorden - med bratte fjell og den majestetiske Langfoss. Idylliske Skånevik må berre opplevast. I Etne er det ei god båthamn med kort avstand til butikkar og kulturelle opplevingar.

Fjellberg og Halsnøy er idyllar for båtfolket – det same er Romsaøyane. Husnes Gjestehamn er kåra til Noregs beste båthamn. Lenger inne i fjorden ligg perler som Rosendal og Mauranger. Frå Mauranger er det ein time å gå til Bondhusbreen. Rundt Tysnes ligg det mange lune viker, og på austsida ligg den gamle handelsstaden Årbakka. I Våge er det ei flott gjestehamn.

Leirvik er byen i Sunnhordland. Her får du alt av kafear, restaurantar og butikkar. Gjestehamna i Sagvåg er og verdt eit besøk. God tur mellom holmar og skjer!




Sist oppdatert   28.05.2009   Av   Samarbeidsrådet for Sunnhordland


NY Sunnhordland_logoalt2_RGB