I heile Sunnhordland har vi mange flotte turmål. Turstiane i Kvinnherad er no delt inn etter vanskegrad slik at det skal bli lettare å finna ein tur som passar deg! Klikk deg inn og les meir her.

Bondhusvatnet og Bondhusbrea
Fjella i Kvinnherad er eit populært område for fjellturar.
Dei mest kjende turmåla er kanskje Bondhusbrea, Folgefonna og Melderskin, men her er mange ukjende perler som ventar på deg!
Har du lyst å gå ein tur innover ein stille dal eller ønskjer du å komma deg opp på den høgaste toppen? Valet er ditt. Velkommen på tur i Kvinnherad !
Vi har delt turane inn slik:
Grøn - lette turar Blå - middels turar Raud - krevande turar Svart - ekspert
Turar tilgjengeleg med rullestol
Når du har funne turen du ønskjer å gå, kan du laste ned eit KART for turen ved å trykkje på knappen der det står "Last ned PDF"
Turstiar i heile Sunnhordland og Visit Norway sine vandresider
Vil du følgja andre ruter for vandring kan du også sjå på Bilvandring og Nordsjøløypene
Kvinnherad Turlag, Etne Turlag, Stord og Fitjar Turlag og Folgefonni Breførarlag arrangerer kvart år turar i området vårt.
Hos Bergen Turlag og Den Norske Turistforening finn du detaljert informasjon om ruter i fjellet, hyttene og annan nyttig informasjon.
Folgefonna er ein magnet på dei besøkjande til vårt område. Nokre veker om sommaren er det dagleg breføring over Folgefonna mellom Fonnabu (Sundal) og Holmaskjer (Odda).
Ta omsyn til Fjellvettreglane og Allemannsretten når du er ute i naturen.
HER KAN DU LASTE NED PDF AV PLANLEGGINGSKARTET FOR TURSTIAR I KVINNHERAD.