Kyst, fjordar, fossar og bre - rundtur i Sunnhordland

Dette er ein fantastisk rundtur frå Bergen kor du får med deg skjergard, øyar og fjordar sett fra vegen og fra ferjer. Lei deg ein bil eller bruk din eigen

Bondhusvatnet i Kvinnherad. Foto: Gro Røhne Andersen
Bondhusvatnet i Kvinnherad. Foto: Gro Røhne Andersen
Baroniet Rosendal
Baroniet Rosendal
Foto: Karen Løvfall Våge

Opplev det fasinerande øylandskapet i Austevoll, Fitjar, Stord og Bømlo. På veg til Bømlo er det to luftige hengbruer som gir eit flott utsyn over fjord og fjell. Bømlo er ei viktig øy i norsk historie. Turen går vidare til Etne og Åkrafjorden – med bratte fjell og den majestetiske Langfoss. Frå Åkrafjorden går turen forbi dei berømte tvillingfossane Låtefoss. Folgefonna er Norges tredje største isbre og fra Sundal er det ein kort tur opp til Bondhusbreen(1,2 km). Furebergfossen ligg ved Maurangerfjorden og er eit flott syn. Tettstaden Rosendal ligg ved Hardangerfjorden – kalt «Dronningen av de norske fjordene ». Rosendal er omkransa av vakre fjell og her er det flotte moglegheiter for vandring, sykling og andre aktivitetar. Vidare tilbake til Bergen går turen over Tysnes som ligg der Hardangerfjorden møter havet.

3-7 dagar, 550 km, 4 ferjer

Bergen–Bekkjarvik–Fitjar–Stord– Bømlo–Etne–Åkrafjorden–Odda– Folgefonna–Rosendal–Tysnes– Bergen

 

 Kart over rundturen

 

Sist oppdatert   10.05.2010  
Samarbeidsrådet for Sunnhordland IKS, Boks 444, 5403 Stord tlf. 53 45 67 90, info@visitsunnhordland.no