Tysnesruta

Tysnes kan syklast både rundt og på tvers over fjellet mellom Onarheim og Uggdal (Fv79). Eller ein kan ta ein avstikkar ut til Reksteren (Fv 83), nest største øya i kommunen. Turen er på totalt 71 km.

Vegane på Tysnes er for det meste smale og følgjer terrenget. Trafikken er stort sett roleg. Ein rundtur på Tysnes er som ei konsentrert vestlandsoppleving. Langs vegen finn du kulturminne frå jarnalderen og fram til nyare tid. Frå Tysnes er det enkelt å kome seg vidare til Bergen, Leirvik eller Rosendal. For Tysnes er det også utarbeidd ein eigen brosjyre som heiter ”Sykkelstreif i Njardarlog - i historiske fotefar på Tysnes”.

Leirvik - Hodnanes - Onarheim - Gjermundshamn - Løfallstrand - Rosendal:

Om du kjem frå Leirvik tek du ferja over frå Jektevik til Hodnanes. Herfrå følgjer du fylkesveg 78 til Lunde. Etter 5 km kjem du forbi kalkomnen på Flakka, eit minne frå den tida ein brende kalk av steinmassar frå området og mellom anna eksporterte til England. Du kjem forbi Onarheim, som på 1300-talet var sete for Onarheimsgildet, og vidare til Årbakka med gravrøyser, bautasteinar og den gamle handelsstaden. Forbi Hovland følgjer du skilting mot Lunde, og kjem forbi Vevatnet, som mange meiner er knytt til gudsdyrking i førkristen tid. Du kan skimte Tysnessåto (753 moh). Frå Lunde kan du ta til venstre på Rv 49 mot Våge, ferja over til Halhjem og vidare til Bergen. Alternativt kan du sykle til høgre på Rv 49 mot Gjermundshamn. Dei neste 3 mila går i skogsterreng og langs fjorden. Frå Lukksundbrua er det flott utsyn til fjorden. Ølve er ei vakker bygd med fin utsikt både til Kvinnherad-fjella og Hovlandsnuten. I Gjermundshamn tek du ferja over til Løfallstrand (25 min.), og derifrå 5 km til Rosendal.

Sist oppdatert   12.03.2013  
NY Sunnhordland_logoalt2_RGB