Sykkeltur Tysnes - Kvinnherad

På sykkel i Sunnhordland

Opplev det flotte fjordlandskapet i Sunnhordland på sykkel på eiga hand eller på ferdig pakka sykkelturar.

På sykkel i Sunnhordland
Foto: Britt Elton
På sykkel i Sunnhordland


Frå sykkelsete vert opplevingane sterkare og nærare. – Brusande fossar, flokkar av sauer langs vegkanten, dufta av ramsalt hav. Undervegs kan du nyte kortreist, heimelaga mat og godt drikke. For på sykkelen brukar du mykje energi! Tenk å koma tilbake frå ferien, sprekare enn då du reiste – det er ein utroleg god kjensle!

Sunnhordland er regionen for kontrastar og variasjonar. Skjergard den eine dagen – fjord og fjell den andre. I Sunnhordland er det utvikla fleire sykkelruter. Sykkelrutene er lagt opp med passande dagsetapper, fine avbrekk med hurtigbåt eller ferge og mange opplevingar undervegs.

Sykkelturane kan du bestille gjennom Norske Bygdeopplevelser.

Følgjande bedrifter er medlem i Syklist Velkommen:
Almås Hotell, Stord
Baroniet Rosendal Avlsgård & Fruehus, Rosendal
Bekkjarvik Gjestgiveri, Austevoll
Bømlo Hotell, Rubbestadneset
Fitjar Fjordhotell, Fitjar
Fitjar Sjø og Camping, Fitjar 
Grand Hotel, Stord
Rosendal Turisthotell, Rosendal
Skånevik Fjordhotell, Skånevik
Stord Hotell, Stord 

Sist oppdatert   29.11.2011  
Samarbeidsrådet for Sunnhordland IKS, Boks 444, 5403 Stord tlf. 53 45 67 90, info@visitsunnhordland.no