Invitasjon til Reiselivsseminar

VisitSunnhordland  ynskjer å invitere deg til to innhaldsrike og nyttige dagar i Skånevik, 15 og 16.februar 2012 

Reiselivsseminar feb 12
Reiselivsseminar feb 12
På programmet står fagleg innhald og årsmøte for VisitSunnhordland. Eit medlemsmøtet vil verta ein årleg aktivitet me tilbyr våre medlemsverksemder. Det skal vera ein møteplass for reiselivsverksemdene i Sunnhordland, som skal vera både lærerik og inspirerande for vidare arbeid med sin reiselivsverksemd, og Sunnhordland som reisemål. 


Føremålet med møtet i år er:
- å samla reisleivsaktørane i regionen for å skape ein møteplass, kor ein kan byggje nettverk og få nye samarbeidspartnarar
- auka kunnskapen om temasatsing i Sunnhordland og Fjord Norge
- auka kunnskapen om sykkel og vandreprosjektet i Sunnhordland.
- gje informasjon om aktuelle prosjektmidlar verksemdene kan søkja om som er knytt opp mot produktutvikling og bedriftsnettverk 

For å styrke Sunnhordland som eit reisemål er det veldig viktig at me står samla og jobbar mot eit felles mål. Med årlege samlingar håpar eg me kan stå enda sterkare saman og få til ein utvikling av reiselivet i Sunnhordland knytt opp mot dei måla og strategiane som er satt i Reiselivsplanen 2012-2015

PROGRAM  
DAG 1 - onsdag 15.februar, Skånevik Fjordhotell
 

10:00-10:15   Registrering

10:15-10:30   Reiselivsansvarleg ynskjer velkommen

10:30-11:35   NCE – tourism, Anne Beate Ytreøy snakkar om temasatsinga til Fjord Norge.

11:35-12:30   Innovasjon Norge, Hordaland , Åge Bremer snakkar om muligheitene for å søkje prosjektmidlar til produktutvikling innan ulike temasatsingar, og til bedriftsnettverk i Sunnhordland.

12:30-13:15   Lunsj

13:15-14:15   Prosjektleiar for «Vandring i Hordaland», Jan Morten W. Nesse snakkar om temasatsing i Sunnhordland; vandring og Sykkel.

14:15-16:00   Workshop starter. Reiselivsansvarleg forklarer føremål med Workshop (produktutviklingsidear og/eller nye samarbeidsstrategiar / samarbeidspartnare). Det deles inni arbeidsgrupper.

16:00.16:40   Resultat av workshop – Gruppene presenterer sine resultat.

16:40-16:50   Avslutte dagen – info om kva som skjer vidare i kveld.

17:20 Oppmøte* - i resepsjonen på Skånevik Fjordhotell seinast kl. 17:20 før me vert køyrt opp til Villmarksleiren kor det ventar aktivitetar god middag og vin!  

*NB! Ta med varme kler, og kle dykk etter forholda, da me skal vera mykje ute på Villmarksleiren. Lurt å ta med både overtrekksbukse og elles gode og varme kler og sko, hue og vantar/vottar.   

DAG 2 – torsdag 16.februar, Skånevik Fjordhotell  

09:00-10:15   Torstein Hatlevik frå Haaheim Gaard – sine tankar om produktutvikling og unike salbare produkt.

10:15-11:00   Oppsummering av Martin Tveita, styreleiar i styringsgruppa for reiseliv – viktigheita av samarbeid, produktutvikling og å kunne tilby det marknaden ønskjer.

11:00 -11:15   Reiselivsansvarleg takker for oppmøte og informerer om Årsmøtet.

11:15 -12:00   Lunsj

12:00-13:30    Årsmøte  

FAKTA:
Tid: 15-16.februar
Stad: Skånevik Fjordhotell
Pris for medlemmar: 600,-
Pris for ikkje medlemmar: 1600,-
(overnatting, frokost, lunsj, middag og drikke er inkludert i prisen) 

Frist for påmelding: INNAN 30. JANUAR

Nye ferjeruter Utåker - Skånevik

Deltakarar
Bedrift / Organisasjon
Fakturaadresse
Telefon
E-postadresse
Kommentarar / behov: (allergiar etc.)
Medlemskap


Det er bindande påmelding 
 
  
  
  
  
  
  
  
Sist oppdatert   18.01.2012  
NY Sunnhordland_logoalt2_RGB