Bli med til Moster Amfi og opplev flotte arrangement i nedlagt kalkgruve! Det tradisjonsrike Mostraspelet og ulike musikalar vert jamnleg sette opp her.

Mostraspelet: Torleif Spake (Gunnar Ersland) skal tale kongen midt i mot.
Moster Amfi har utandørsarena med plass til 1200 menneske og utgjer saman med det religionshistoriske senteret, med utstillinga frå "Heidendom til kristendom", eit spanande besøksmål i Sunnhordland.
Her finn du program for arrangementa ved Moster Amfi.
Du kan også bli med på ei historisk vandring i Moster gamle kyrkjeog Moster Amfi med utstillinga "Frå heidendom til kristendom" og biletspelet "1000 år-ei messe".
I Moster Amfi kan du og kvar sommar oppleva det historiske spelet "Kristkongane på Moster", betre kjent som "Mostraspelet",musikalar, konsertar og andre spanande arrangement.